Bortebuarstipend

Gjeld for deg som går på vidaregåande skole og har ungdomsrett

VeilederBorteboerstipend

Studentar kan ikkje få bortebuarstipend

Bortebuarstipend er berre for elevar som tar vidaregåande med ungdomsrett. Lånekassen har andre typar lån og stipend for studentar i høgare utdanning.

Kva er bortebuarstipend?

Bortebuarstipend er for deg som ikkje kan bu heime medan du går på vidaregåande.

Det er ikkje tilstrekkeleg at du har lyst til bu for deg sjølv.

Du kan berre få bortebuarstipend dersom

  • det er 40 km eller meir mellom heim og skole, eller
  • du bruker tre timar eller meir om dagen på å reise til og frå skolen , eller
  • det er særlege forhold i heimen som gjer at du ikkje kan bu der

Stipendet blir ikkje behovsprøvd

Det betyr at verken inntekta til foreldra dine eller di eiga inntekt påverkar kor stort bortebuarstipend du kan få.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om bortebuarstipend. Når du søker om stipend til vidaregåande skole, må du krysse av for at du skal bu borte. Vi vurderer då om du har rett til bortebuarstipend.

Gå til søknaden

Aktuelt regelverk