Søknad om sjukestipend

Søk om vanleg lån og stipend først

Du må vere i ei utdanning som gir rett til stipend og lån. 

Søk om vanleg lån og stipend før du søker.

Slik søker du

  1. Last ned og skriv ut søknaden - sjå nederst på sida.
  2. Fyll ut og skaff stempel og signatur frå legen din eller ein annan som har rett til å skrive ut sjukemelding.
  3. Logg inn og vel sida Søk om stipend og lån i menyen.
  4. Last opp og send inn søknaden.

Søk når du er frisk igjen

Vi gir som regel ikkje sjukestipend framover i tid. Derfor må du vente til du er frisk igjen, eller til studieåret er over, før du søker.

Lånekassen må ha mottatt søknaden om sjukestipend innan seks månader etter at studieåret eller kurset er avslutta.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt tid før du får svar.

 

 

Last ned søknad om sjukestipend [pdf]