Grunnskoleopplæring

Sist oppdatert: 16.08.2019
Skal du søkje støtte til grunnskoleopplæring, må du velje mellom to ulike søknader. Dersom du er usikker på kva søknad du skal velje, må du ta kontakt med skolen din.

Du som ikkje har ungdomsrett

Dersom du ikkje har gjennomførd grunnskolen, skal du bruke søknad for "høgare og anna utdanning"

Gå til søknaden

Du som har ungdomsrett

Dersom du treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring og har ungdomsrett*, kan du få støtte frå Lånekassen. Du skal bruke søknad for "vidaregåande opplæring".

Gå til søknaden

*Ungdomsrett
Ungdom som har fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Ungdomsretten gjeld ut skoleåret som begynner det året du fyller 24 år. Les meir om ungdomsrett på vilbli.no.