Hel grad i utlandet - høgare utdanning

Sist oppdatert: 03.05.2019
Når du har endeleg opptak frå lærestaden din kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen.

Saman med søknaden din må du sende oss ein kopi av det endelege opptaksbrevet dine som viser

  • namnet ditt
  • kva grad du skal ta, for eksempel bachelorgrad
  • fagretning
  • kor lenge studet varer, og planlagt avslutning
  • kor mykje skolepengar du skal betale for heile skoleåret

Dersom du søkjer om støtte til utdanning i utlandet for første gong, må du også sende inn vitnemål frå vidaregåande som viser at du har generell studiekompetanse. Les meir om dokumentasjonskrava.

Tilleggslån til skolepengar

Du kan få eit tilleggslån til skolepengar på inntil 101 800 kroner, dersom du skal betale meir i skolepengar enn dei ordinære satsane for støtte til dekking av skolepengar.

Dersom du vel å søkje om "stipend og maksimalt lån" i søknaden, søkjer du automatisk om dette lånet. Dersom du ikkje ønskjer tilleggslånet, må du velje "stipend og avgrensa lån" i søknaden og sjølv skrive inn kor mykje du ønskjer å låne.

Gå til søknaden