Utveksling - vidaregåande opplæring

Sist oppdatert: 03.06.2019
Du må leggje ved dokumentasjon frå skolen og utvekslingsorganisasjonen når du søkjer.

Dersom du tek utveksling via ein utvekslingsorganisasjon, må du leggje ved 

  • Dokumentasjon som viser kva godkjent utvekslingsorganisasjon du bruker, og kva land du skal ta utveksling i.
  • Stadfesting frå skolen din i Noreg som viser at skoleåret vil kunne erstatte VG2 i Noreg.
  • Stadfesting frå den utenlandske skolen på skolepengar, dersom du skal betale det. I tillegg må du leggje ved utfylt P-skjema.

Les meir om dokumentasjonskrava.

 

Gå til søknaden

Har du ikkje ungdomsrett? Da skal du bruke denne søknaden.