Søknadsfristen gikk ut 15. januar 2023
Straumstipend for haustsemesteret 2022
Haustsemesteret 2022 betyr perioden frå 16. august 2022 til 15. januar 2023. Stipendet blir utbetalt éin gong, det er ikkje ein månadleg utbetaling.
Stipendet kjem i tillegg til den ordinære straumstøtta som alle hushaldningar får.
Du må betale straum i tillegg til husleie
Både studentar og elevar i Noreg og utlandet kan ha rett til stipendet. Deltidsstudentar kan også søke.
Dei som har straum inkludert i husleiga har ikkje rett til stipendet. Derfor har elever på folkehøgskole ikke rett til stipendet.
Du kan få stipendet uansett kor mykje du betaler i straum
Kor mykje straumrekninga har auka, betyr ikkje noko. Du kan få stipendet uansett kor mykje du betaler. Det er heller ikkje eit krav at du må betale for straum i heile perioden frå 16. august 2022 til 15. januar 2023. Har du for eksempel berre betalt for straum éin månad i løpet av perioden, er det nok.
Du kan få stipendet dersom du delar rekninga med andre
Det er heller ikkje nødvendig at straumabonnementet står i ditt namn, så lenge du er med på å betale straumrekninga. Delar du på straumrekninga med andre, betaler du også for straum. Men om husleiga di har auka på grunn av auka straumprisar, har du ikkje rett til stipendet.
Kor mykje du tener, og kor stor formue du har, betyr heller ikkje noko for om du har rett til straumstipendet eller ikkje.