Utdanningar du kan få lån og stipend til

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
For å ha rett til lån og stipend frå Lånekassen må du vere elev eller student i ei utdanning som er godkjent for støtte.

Tilfredsstiller ikkje utdanninga di krava for å bli godkjent for støtte i Lånekassen, kan du ikkje få stipend eller lån til denne utdanninga.

Du kan få lån og stipend til

  • enkeltemner
  • årsstudium
  • bachelorgrad
  • mastergrad

Skal du ta fagskoleutdanning, kan du få lån og stipend til utdanning som er godkjent av NOKUT. Her kan du sjå kva fagskoleutdanningar som er godkjente.

Vi gir også lån og stipend til utdanning ved folkehøgskoler og ein del andre typar utdanningar. Les meir om andre utdanningar vi gir lån og stipend til.

Vi gir ikkje st��tte til utdanning i forsvaret eller til etatsopplæring. Til videregående opplæring kan du få stipend og lån til opplæring som følger offentlig godkjente læreplanar.

Det er ikkje alltid at alle utdanningar ved ein lærestad er godkjent for støtte. Er du usikker, bør du spørre lærestaden din.

Deltidsutdanning

Du kan få støtte til utdanning på deltid i Norge.  Les meir om deltidsutdanning her.

Utdanninger i Norden og utlandet

Finn du ikkje utdanninga di i søknaden?

Utdanningar ved høgskolar og universitet er ofte samla i meir generelle kategoriar i søknaden vår. Derfor er det ikkje alltid at du finn det namnet som lærestaden bruker på utdanninga di. Les meir om dei ulike kategoriane i søknaden her.