Omgjering av lån til stipend

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Du får utbetalt basislånet frå Lånekassen som lån, men inntil 40 prosent kan bli gjort om til stipend.

Dette gjeld ikkje for elever i vanleg vidaregåande skole, dei får utbetalt stipend direkte.  

Her finn du informasjon knytta til koronasituasjonen.

Vilkår for å få gjort om lån til stipend

To ulike ordningar for omgjering

Frå og med undervisningsåret 2019–2020 finst det to ulike ordningar for omgjering av lån til stipend, avhengig av hva slags utdanning du får støtte til.

  • Det er éi ordning for deg som tar høgare utdanning, for eksempel ved ein høgskole eller eit universitet. Du får noko omgjering når du består studiepoeng undervegs i utdanninga, og resten når du består ein grad.
  • Det er éi ordning for deg som tar anna utdanning, for eksempel ved ein fagskole eller ein folkehøgskole. Du får berre omgjering når du består studiepoeng undervegs i utdanninga.