Basislån

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Du kan få inntil 112 290 kroner i basislån for studieåret 2020–2021. Fulltidsstudentar kan i tillegg få utbetalt fire ekstra veker lån og stipendi juni 2021, tilsvarande 11 229 kroner.

Om basislån

Det du får utbetalt i basislån er det same per månad uavhengig av kva for utdanning du får lån og stipend til, så lenge du har søkt om fullt lån og stipend. Basislånet blir utbetalt som eit lån, men inntil 40 prosent av lånet kan bli gjort om til stipend. Bur du heime under studia, har du ikkje rett på å få gjort om lån til stipend. Les meir om heime- og bortebuarar.

Har du fått lån og stipend til høgare utdanning, for eksempel ein bachelorgrad, kan du få omgjort 25 prosent (det vi kallar «omgjeringslån») av basislånet til stipend etter kvart som du består studiepoeng. Når du har fullført heile graden din, kan du få gjort om ytterlegare 15 prosent (det vi kallar «gradsomgjeringslån») av basislånet til stipend. Les meir om omgjering for høgskole- og universitetsutdanning her.

Har du fått lån og stipend til anna utdanning, for eksempel folkehøgskole, kan du få omgjort 40 prosent av basisstøtta til stipend når du har fullført heile skoleåret. Les meir om omgjering for andre utdanningar her.

11 månader med lån og stipend

Det er berre fulltidsstudentar som tek utdanning ved høgskole, universitet eller fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret, som får lån og stipend i 11 månader. Har du rett til den ekstra utbetalinga, får du den tildelt automatisk.

Gå til søknaden

Lånet er rentefritt når du er i utdanning

Det blir ikkje rekna renter av lånet så lenge du er i fulltidsutdanning og får pengar frå Lånekassen til utdanninga. Byter du til deltidsutdanning, vil renter bli lagt til lånet ditt, og du må starte å betale tilbake.

Studerer du på fulltid utan lån eller stipend frå oss, må du betale på studielånet ditt. Ønskjer du ikkje å betale på lånet medan du studerer, må du søkje om betalingsutsetjing.

Når du tek utdanning utan lån eller stipend frå oss, kan du ha rett til sletting av renter.

Omgjeringslån

Når du søkjer om stipend, får du pengane utbetalt som eit lån i første omgang. Omgjeringslån er eit lån som kan bli gjort om til stipend når du har bestått studiepoeng og vi har kontrollert inntekta og formuen din. Du kan ikkje få omgjort lån til stipend viss du bur saman med foreldra dine.

Gradsomgjeringslån

Når du søkjer om stipend, får du støtta utbetalt som lån i første omgang. Du kan søkje om gradsomgjeringslån dersom du skal ta høgare utdanning ved eit universitet eller ein høgskole. Dette lånet kan bli gjort om til stipend når du har fullført ein heil grad. Du kan ikkje få omgjort lån til stipend viss du bur saman med foreldra dine. Les meir om gradsomgjeringslån her.