Spørsmål og svar om borte- og heimebuar

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla om bortebuar og heimebuar.

Kan eg søke om bortebuarstipend?

Nei, det er berre elevar i vidaregåande opplæring som kan få bortebuarstipend. Når du tar høgare utdanning kan du få basislån.

Kva betyr borte- og heimebuar?

Bortebuar betyr at du ikkje bur saman med foreldra dine under studia. Heimebuar betyr at du bur saman med foreldra dine under studia.

Får eg gjort om lån til stipend som heimebuar?

Nei, du må vere bortebuar for å få gjort om lån til stipend.

Har ikkje hybel/leilegheit enno, kva skal eg krysse av for i søknaden?

Du skal krysse av for bortebuar i søknaden, dersom du ikkje skal bu saman med foreldra dine under studia. Det er bustatusen din under sjølve studia som gjeld, ikkje kor du bur på det tidspunktet du søkjer.

Skal eg skrive inn hybeladresse i søknaden?

Nei, du kan oppdatere postadressa di under «Din profil» på Dine sider.

Må eg skifte folkeregistrert adresse?

Nei. Det er kor du faktisk bur som avgjer om vi reknar deg som bortebuar, ikkje kor du er folkeregistrert.

Er eg borte- eller heimebuar når eg eig eigen leilegheit?

Eig du eigen leilegheit og bur der utan foreldra dine, er du bortebuar.

Er eg borte- eller heimebuar dersom eg leiger av foreldra mine?

Du er rekna som bortebuar dersom du bur i ein leilegheit som foreldra dine eig, men du bur der utan foreldra dine.

Vi reknar deg også som bortebuar dersom:

  • du for eksempel bur i ein kjellarleiligheit i huset til foreldra dine, kan du bli rekna som bortebuar når leiligheita er klart åtskilt og har eige brukseiningsnummer (bolignummer, for eksempel H0203) i forlkeregisteret eller i eigedomsregisteret.
  • du bur i ein kårbolig eller anneks på eigedomen til foreldra dine, kan du bli rekna som bortebuar når bueininga er fysisk åtskilt frå huset til foreldra dine og er sjølvstendig (har eige bad/wc og kjøkken).

Eg er gift og/eller har barn og bur heime, kva skal eg krysse av for i søknaden?

Dersom du er gift eller har barn å forsørgje og bor saman med barnet, kan du få omgjort lån til stipend sjølv om du bur med foreldra dine. Derfor spør vi ikkje om du bur heime hos foreldra dine i søknaden.

Kva skal eg gjere dersom eg flyttar i løpet av studia?

Medfører flyttinga at du endrar bustatus, frå borte- til heimebuar, eller omvendt, må du melde flytting. Du kan enkelt melde frå under «meld frå om endringar» på Dine sider.
Dersom bustatusen din som heime- eller bortebuar ikkje endrar seg, treng du berre å oppdatere postadressa. Du endrar adresse under «Din profil» på Dine sider.

Les meir om opplysningsplikta her.