Slik søker du

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Det er viktig at du tar kontakt med trafikkskolen din og får bekrefta at du har fått plass på kurset deira før du søker om lån og/eller stipend hos Lånekassen.

Bruk søknaden for høgare og anna utdanning. Finn du ikkje trafikkskolen din i søknaden, er den ikkje godkjent hos Lånekassen.

Dersom du vil bli bussjåfør, skal du velje:

  • 140 t. grunnutdanning, persontransport, yrkessjåfør, eller
  • Førarkort kl. D + 140 t. grunnutdanning, persontransport, yrkessjåfør

Dersom du vil bli lastebilsjåfør, skal du velje:

  • 140 t. grunnutdanning, godstransport, yrkessjåfør,eller
  • Førarkort kl. C/CE + 140 t. grunnutdanning, godstransport, yrkessjåfør

Søknadsfrist

Hovedregelen er at du må sende inn søknaden før kurset er avslutta.

Det finnes nokre unntak:

  • Hvis du startar på eit kurs før 1. november og som blir avslutta etter 15. november, må du søke innan den vanlege søknadsfristen for hausten som er 15. november.
  • Hvis du startar på eit kurs før 1.mars og som blir avslutta etter 15. mars, må du søke innan den vanlege søknadsfristen for våren som er 15. mars.