Formue

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Kor mykje du har i formue avgjer kor mykje av lånet ditt som kan bli gjort om til stipend. Er formuen din høgare enn Lånekassens grensar, får du mindre i stipend.

Du mister ikkje heile stipendet dersom du har formue litt over grensene, men stipendet blir redusert gradvis ut frå kor mykje formue du har. Vi ser berre på beløpa som er over grensene når vi reknar ut reduksjon av stipendet. Sjå korleis vi reknar ut det ut her

Bruker tal frå Skatteetaten

Vi får opplysningar om inntekta di og formue frå fastsetjinga av formue- og inntektsskatt (likninga), som vi får automatisk frå Skatteetaten.

Grenser for formue

For å behalde maksimalt stipend kan du ikkje ha nettoformue over desse beløpa:

Kalenderår

Einsleg søkar

Samla for søkar og ektefelle/søkar og sambuar med felles barn

2021 kr 444 300 kr 853 315
2020 kr 428 861 kr 823 663

2019

kr 415 362

kr 797 737

2018

kr 403 264

kr 774 502

2017

kr 392 662

kr 754 140

Når vi bereknar kor mykje av stipendet ditt som blir redusert, reknar vi først ut differansen mellom formuegrensa og formuen din. Beløpet vi får gonger vi med to prosent, og så med dei månadane du har fått støtte. Summen av dette er beløpet som blir trekt frå stipendet.

Er du gift, registrert partner eller sambuar med felles barn, blir stipendet ditt redusert på same måte, men med éin prosent.

Deltidsutdanning

Dersom du har fått støtte til deltidsutdanning, gjeld dei same grensene for formue som for fulltidsutdanning. Du vil likevel få ein mindre reduksjon av stipendet, alt etter kor mange prosent du studerte. Studerte du for eksempel 50 prosent deltid, får du også 50 prosent av trekket ein fulltidsstudent ville fått.

Dette reknar vi som formue

Vi brukar dei opplysningane om nettoformuen din som står på skattemeldinga for det året du fekk støtte.

Nettoformue er verdien av det du eig, minus den totale gjelda di (for eksempel verdien av hus og bankinnskott minus gjeld til Lånekassen og boliglån).

Feil opplysningar om inntekt, formue eller trygd

Dersom du meiner at det er feil i opplysningane vi har fått frå skatteetaten om inntekta, formuen eller trygdeytingane dine, må du kontakte skatteetaten for å få fastsettinga (likninga) di retta.

Blir fastsettinga endra, og du ønsker at vi skal vurdere lånet ditt på nytt, må du sende inn ein kopi av det nye vedtaket til Lånekassen, når du får det frå skatteetaten.

Du kan sende inn den nye dokumentasjonen på Dine sider. Lånekassen får ikkje automatisk opplysningar frå skatteetaten om at det er gjort endringar i inntekt, formue eller trygd.