Trygd

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Trygd inngår som ein del av personinntekta, men det er ulike fribeløp for ulike typar trygdeytingar.

Det fins òg visse trygdeytingar som vi ser heilt bort frå når vi gjer om stipend til lån.

Kva skjer om du går over beløpsgrensene?

Stipendet ditt blir redusert med fem prosent per månad av den trygda som er over beløpsgrensa. Beløpsgrensene finn du lenger ned på sida.

Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men vi krev ikkje at du skal betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet. Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eventuelt barnestipend.

Det er likningsopplysningane for den perioden du har fått støtte som gjeld. Opplysningane blir overført frå skatteetaten.

Trygdeytingar med same beløpsgrenser som person- og kapitalinntekt

Trygdeytingar med same beløpsgrenser som person- og kapitalinntekt

  • Foreldrepengar
  • Sjukepengar
  • Dagpengar under arbeidsløyse
  • Adopsjonspengar
  • Barnepensjon

For å behalde maksimalt stipend kan du ikkje ha trygdeytingar over desse grensene: 

Kalenderår

Ved støtte heile kalenderåret

Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår*

2021

kr 195 295 kr 488 236

2020

kr 188 509 kr 471 270

2019

kr 182 575

kr 456 436

2018

kr 177 257

kr 443 142

2017

kr 172 597

kr 431 492

*Auka inntektsgrense gjeld dersom du følger eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget, eller du får støtte for berre eitt semester i kalenderåret.

Trygdeytingar med lågare beløpsgrenser enn person- og kapitalinntekt

Trygdeytingar med lågare beløpsgrenser enn person- og kapitalinntekt

  • Stønad til einsleg mor/far (overgangsstønad)
  • Arbeidsavklaringspengar
  • Uføretrygd
  • Etterlattepensjon
  • Alderspensjon
  • Introduksjonsstønad
  • Kvalifiseringsstønad

For å behalde maksimalt stipend, kan du ikkje ha trygdeytingar over desse grensene: 

Kalenderår

Ved støtte heile kalenderåret 

Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* 

2021

kr 104 494 kr 292 940

2020

kr 100 863 kr 282 761

2019

kr 97 688

kr 273 861

2018

kr 94 843

kr 265 884

2017

kr 92 350

kr 258 894

*Auka inntektsgrense gjeld dersom du følger eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget, eller du får støtte for berre eitt semester i kalenderåret.

Trygdeytingar vi ser bort frå

Trygdeytingar som vi ser bort frå:

  • Kontantstøtte
  • Barnetrygd
  • Skattefrie attføringsstønader
  • Eingongsstønad ved adopsjon 
  • Eingongsstønad ved fødsel
  • Gravferdsstønad
  • Grunn- og hjelpestønad
  • Meinerstatning ved yrkesskade
  • Stønad til barnetilsyn
  • Stønad ved helsetenester
  • Utdanningsstønad mm
  • Tiltakspengar
  • Andre skattefrie ytingar 

Desse trygdeytingane reknast ikkje som inntekt og speler derfor ikkje noko rolle for kor mye stipend du får. Vi ser òg bort frå eventuelle bidrag du eller barna dine får.

Har du fått etterbetalt trygd?

Dersom du får etterbetalt trygd (for eksempel arbeidsavklaringspengar), blir heile etterbetalinga registrert på skattefastsettinga (likninga) for det året du får utbetalinga. Lånekassen bruker inntektsopplysningane frå fastsettinga til å berekne kor mykje stipend du har rett til, og store etterbetalingar kan føre til at du får redusert stipend.

Lånekassen kan fordele slike etterbetalingar på dei åra dei gjeld, men du må sende inn oss eit brev der du søker om det. Du må også legge ved kopi av fastsettinga og dokumentasjon frå Nav som viser kva delar av utbetalinga som er for tidlegare år.

Ver merksam på at vi vil vurdere retten din til stipend for føregåande år på nytt, sidan inntekta di for dei tidlegare åra blir oppjustert. Dersom den nye berekninga viser at du har rett til mindre stipend, aukar gjelda di.

Har du både arbeidsinntekt og trygd?

Det er ulike grenser for arbeidsinntekt og ein del trygdeytingar. Dersom du har hatt begge delar i året vi kontrollerer, må trygdeytingane du har fått vere under grensa for trygd samtidig som arbeids- og trygdeinntekter samla sett ikkje kan vere over grensa for arbeidsinntekt.

Les om behovsprøving mot trygdeytingar.

Feil opplysningar om inntekt, formue eller trygd

Dersom du meiner at det er feil i opplysningane vi har fått frå skatteetaten om inntekta, formuen eller trygdeytingane dine, må du kontakte skatteetaten for å få fastsettinga (likninga) di retta.

Blir fastsettinga endra, og du ønsker at vi skal vurdere lånet ditt på nytt, må du sende inn ein kopi av det nye vedtaket til Lånekassen, når du får det frå skatteetaten.

Du kan sende inn den nye dokumentasjonen på Dine sider. Lånekassen får ikkje automatisk opplysningar frå skatteetaten om at det er gjort endringar i inntekt, formue eller trygd.