Årleg kontroll utanfor Norden (C-skjema)

Sist oppdatert: 31.07.2019
Tek du ein heil grad i utlandet, må du kvart år dokumentere fagleg progresjon og eventuelt betalte skolepengar. Det er lærestaden din som skal fylle ut skjemaet.

For å dokumentere fagleg progresjon og betalte skolepengar må lærestaden din i utlandet fylle ut C-skjemaet. Skjemaet er personleg og du må laste det ned frå Dine sider. Det må skrivast ut, og lærestaden skal fylle det ut med original signatur og stempel. Vi godtek ikkje elektronisk signatur eller automatisk genererte signaturar.

Dette må du dokumentere

Lærestaden din må fylle ut informasjon på skjemaet som viser:

  • fagleg progresjon for kalenderåret 2018. Har du stroke på eksamen, skal lærestaden opplyse om det i skjemaet.
  • om du har vore fulltidsstudent i kalenderåret 2018 og fram til datoen for utfylling av skjemaet
  • kor mykje skolepengar du eventuelt har betalt for undervisningsåret 2018-2019

Dersom du ikkje har avlagt eksamenar ennå, skal lærestaden din oppgi om du er fagleg i rute.

Gir lærestaden ditt deg eit brev i staden for C-skjemaet, kan vi godta det. Brevet må innehalde dei same opplysningane som skjemaet og vere retta til deg personleg.

Skolepengar

Har du betalt skolepengar, må skjemaet vise kor mykje du har betalt for både hausten 2018 og våren 2019. Betaler du i avdrag til lærestaden, må du vente med å sende inn skjemaet til heile skolepengebeløpet er betalt.

Lærestaden skal berre føre opp reine skolepengar/tuition fee, og ikkje inkludere bu- og levekostnader, eller eventuelle stipend du får frå andre.

Frist

Frist for å sende inn skjemaet er 25. april 2019. Får du ikkje sendt det inn før fristen, må du sende det så fort som mogleg. Du treng ikkje å melde frå til oss om at du ikkje rekk fristen. Ønsker du vidare støtte, må du hugse å søkje for neste undervisingsår når søknaden opnar i mai. Vi kan ikkje behandle ein søknad om støtte for eit nytt undervisningsår før vi har fått C-skjemaet ditt.

Slik lastar du ned C-skjemaet

Alle som må dokumentere fagleg progresjon og betalte skolepengar, får beskjed om det. Vi sender deg ein e-post med informasjon om at du må logge inn på Dine sider. Når du har logga inn, kan du laste ned skjemaet.

Skjermbilete nedlasting av C-skjema

Illustrasjon nedlasting c-skjema

Slik sender du inn skjemaet

Du lastar opp skjemaet på Dine sider, på sida for årleg kontroll som du finn i menyen.

Illustrasjon opplasting av c-skjema

Du kan også sende C-skjemaet til Lånekassen, Postboks 450 Alnabru, 0614 Oslo, eller per faks til: + 47 22 72 02 64. Skjemaet ditt blir behandla raskare når du laster det opp framfor å sende det i posten.

Du kan sjekke om C-skjemaet er behandla på Dine sider

Vi sender ikkje svar på kontrollen, men du kan logge inn på Dine sider og sjekke status. Du finn det i menyen under «årleg kontroll utlandsstudium». Venta behandlingstid er 4-5 veker.

Kven må sende inn C-skjema?

Vi sender ut skjema til alle som må sende inn. Får du eit C-skjema frå oss, må du laste det ned og levere det til lærestaden din. Lærestaden må fylle det ut, og du må laste det opp på Dine sider igjen. Det gjeld også dersom du nettopp har starta på utdanninga di, og om du avsluttar utdanninga i løpet av året.

Alle gradsstudentar i utlandet må sende inn C-skjema kvart år.