Utveksling frå lærestad i Noreg

Sist oppdatert: 13.09.2019
Her finn du informasjon om studieopphald i utlandet som del av ei høgare utdanning eller fagskoleutdanning du er i gang med i Noreg (delstudium).

Følgjande krav gjeld for utvekslingsopphald i utlandet:

  • opphaldet må vere godkjend av den norske lærestaden som ein del av utdanninga du er i gang med i Noreg
  • opphaldet skal ikkje gjere at du blir forseinka i utdanninga di

Inngår opphaldet i eit fast utvekslingsprogram som gir rett til støtte, treng du ikkje noko særskild godkjenning. Vi kan gi støtte til godkjend praksis i utlandet når praksisopphaldet er ein del av utdanninga i Noreg. Lånekassen gir ikkje støtte til praksisopphald etter avslutta utdanning.

Varigheit

Opphaldet i utlandet må vare i minst fire veker for at Lånekassen skal rekne det som eit delstudium. Det er gjort unntak for kortare kurs ved dei norske studiesentra i York, Kiel, Caen og St. Petersburg, og dei norske institutta i Aten og Roma. Andre opphald under fire veker blir rekna som studieturar og gir ikkje rett til ekstra støtte. 
 
Du kan få støtte til fleire delstudium i løpet av utdanningsprogrammet, så lenge dette ikkje fører til at du blir forseinka i utdanninga.

Så mykje kan du få

Du kan få basisstøtte, reisestøtte og støtte til skolepengar. Er undervisningsspråket eit anna enn engelsk, kan du også ha rett til språkstipend.

Delstudium på deltid

Du kan få støtte til delstudium i utlandet på deltid. Dette gjeld både for deg som har begynt på ei deltids- eller fulltidsutdanning i Noreg. Støtta vil bli gitt etter studiebelastninga du har i delstudiumperioden.

Utanlandsk statsborgar?

Utanlandske statsborgarar kan få støtte til delstudium i utlandet i inntil eitt år, når dei får støtte til utdanning i Noreg.