Dokumentasjon til søknaden

Sist oppdatert: 03.04.2019
Før du søker om støtte til delstudium i utlandet, må studieopphaldet førehandsgodkjennast av den norske lærestaden din.

Vi hentar som regel opplysningar om delstudiet elektronisk når du søker om støtte, men i enkelte tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Du må sende inn dokumentasjon dersom

  • lærestaden din ikkje bruker Felles studentsystem (FS), sjå nedanfor
  • du skal betale skolepengar til lærestaden i utlandet
  • du skal på språkkurs

Førehandsgodkjenning av studieopphaldet

For å få støtte til delstudium i utlandet, må opphaldet vare i minst fire veker, og det må vere godkjent som ein del av ei høgare utdanning du er i gong med i Noreg eller i utlandet. Lærestaden din kan gi deg meir informasjon om korleis du søker om førehandsgodkjenning av delstudium i utlandet.

Dersom lærestaden ditt bruker FS (Felles studentsystem), skal dei registrere informasjon om delstudiet i dette systemet, slik at vi kan innhente opplysningane elektronisk. Dersom lærestaden din ikkje har registrert opplysningar om delstudiet, får vi ikkje behandla søknaden din.

Bruker ikkje lærestaden din FS?

BI og Bjørknes er eksempel på lærestader som ikkje bruker FS. Finn du ikkje lærestaden din i denne lista, bruker lærestaden din ikkje FS. Når lærestaden din ikkje bruker FS må du sende inn eit eige skjema for delstudiar (D-skjema), og dokumentasjon etter at du har søkt om lån og stipend. Lærestaden din må stemple og godkjenne skjemaet før du sender det til oss.

Skolepengar

Skal du betale skolepengar, må du legge ved stadfesting (eit offisielt brev) frå lærestaden i utlandet som viser:

  • kor mykje skolepengar du skal betale
  • namnet ditt
  • underskrift frå lærestaden

Det må komme fram av dokumentasjonen kva som er reine skolepengar (tuition fee). Utgifter til for eksempel studentforeiningar, administrasjonsgebyr og bibliotekavgift blir ikkje dekt av Lånekassen.

Vi godtar ikkje Confirmation of Enrolment aleine som dokumentasjon på skolepengar, fordi det ikkje viser eventuelle rabatter norske studentar får.

Får du stipend frå andre som er meint å dekke skolepengar, må du legge ved stadfesting som viser beløpet du får dekka.

Etter utlandsopphaldet

Når delstudiet er fullført, er det den norske lærestaden din som skal godkjenne utdanninga og rapportere inn eksamensresultata.

Du må levere originalvitnemålet til den norske lærestaden, slik at resultata blir overført til Lånekassen når vitnemålet er godkjent. Du skal derfor ikkje sende eksamensutskrift eller vitnemål direkte til oss.

Språkkurs

Du må legge ved stadfesting frå språkskolen som viser:

  • kor lenge språkkurset varer (frå- og til-datoar)
  • antall undervisningstimar per uke

Du må legge ved stadfesting frå lærestaden på kva språk det blir undervist på i hovudutdanninga.

Får du stipend frå andre som er meint å dekke utgifter til språkkurs, må du legge ved stadfesting som viser beløpet.

Les meir om språkstipendet her.

Behandlingstid

Alle delstudiumsøknader må behandlast av ein saksbehandlar, og derfor må du rekne med behandlingstid på søknaden din. Du kan sjekke status og behandlingstid på søknaden din på Dine sider.

Du må vere oppmerksam på følgande:

Dersom du kryssar av for at du skal ettersende dokumentasjon, vil søknaden din bli sett på vent. Ingen saksbehandlar vil sjå på søknaden før vi mottek dokumentasjon frå deg. Dersom søknaden din ligg på vent, vil den ikkje bli gjenåpna av at lærestaden registrerer informasjon om delstudiar i FS.

Dersom lærestaden din bruker FS, og du ikkje skal sende inn dokumentasjon: Kryss av for «Eg har allereie sendt inn dokumentasjonen»

Dersom du skal betale skolepengar, eller ta språkkurs, og du veit at det vil ta tid å få tak i denne dokumentasjonen, kan du også krysse av for at «Eg har allereie sendt inn dokumentasjonen». Du kan likevel ettersende dokumentasjon seinare, og du slepp at søknaden din blir sett på vent.