Fødsel medan du er student i utlandet

Sist oppdatert: 04.04.2019
Reglane for foreldrestipend er akkurat dei same for studentar i utlandet som for studentar i Noreg.

Dokumentasjon frå trygdeetat

Dersom du har ein ektefelle eller sambuar som skal ha permisjon og får støtte frå trygdeordningane i landet der du studerer, må du sende inn dokumentasjon som viser beløpet ho/han får.

Dersom ektefellen/sambuaren skal ha permisjon frå utdanninga, må du sende inn dokumentasjon som viser når ho/han skal ha permisjon.

Heile støtta til skolepengar kan bli gitt som stipend

Dersom du vel å studere i staden for å ta permisjon, kan du få heile støtta til skolepengar i foreldrestipendperioden utbetalt som stipend.