Forseinka i utdanninga du tek i utlandet

Sist oppdatert: 03.04.2019
Er du forseinka i utdanninga får du ikkje stipend til skolepengar, men du kan få tilsvarande beløp som lån.

Blir du forseinka i fulltidsutdanning, kan vi gi støtte i inntil eit år utover den fastsette tida (normert tid) for å gjennomføre eit studie.

Å være forseinka vil sei at du i den tida du har fått støtte, har

  • stroke på eksamen og/eller
  • utsett eksamen

Slik melder du frå viss du er forseinka i utdanninga

Du må sende inn skriftleg dokumentasjon på slike endringar på Dine sider eller i posten med ein gong du veit at du er forseinka. Du må sende inn

  • eksamensutskrift med tydeleg angitt studiepoeng/credits/units 
  • stadfesting på kor mykje skolepengar du skal betale for det semesteret eller året du tar opp igjen fag

Praktiske konsekvensar ved å være forseinka

Dersom du er forseinka i utdanninga får du ikkje stipend til skolepengar, men du kan få tilsvarande beløp som lån. Lånekassen kan berre gjere om lån til stipend for den tida som er normert studietid for utdanninga di.