Opptak til fulltidsutdanning i utlandet

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
For å få lån og stipend til utdanning i utlandet må du ha opptak som student til fulltidsutdanning.

Dersom du ikkje tar fulltidsutdanning, altså at du tar færre studiepoeng/fag/credits/ECTS enn det som svarer til utdanning på fulltid, får du ikkje støtte frå Lånekassen.

Fritak frå fag kan få konsekvenser

Dersom du får fritak frå fag, må du enten melde deg opp til andre fag, eller på annan måte sikre deg at du ennå tar fulltidsutdanning. Du må melde frå til Lånekassen om endringar i kor mange studiepoeng du tar og fagsamansettinga di. Send ein e-post frå Dine sider, eit brev eller ein faks for å melde frå om endringar til oss.

Vidaregåande opplæring i utlandet?

Tar du vidaregåande opplæring i utlandet, må du også ta fulltidsutdanning for å få støtte. Les meir om vidaregåande opplæring i utlandet her.