Kor mange år du kan få støtte frå Lånekassen

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Du kan få lån og stipend til utdanning i til saman åtte år.

Har du fått lån og stipend frå Lånekassen til høgare og anna utdanning i til saman åtte år, har du ikkje lenger rett til stipend eller lån frå oss. Du får ikkje lån og stipend i meir enn åtte år sjølv om du er forseinka i utdanninga di. Du får heller ikkje lån og stipend i meir enn åtte år sjølv om utdanninga di varer lenger.

Vidaregåande opplæring med ungdomsrett er ikkje rekna med i dei åtte åra.

Slik tel vi

Kvart semester du får lån og stipend frå oss, tel som ei halvt år. Det speler inga rolle om du får lån og stipend til fulltidsutdanning eller deltidsutdanning. Vi tel også semester du har avbrote utdanninga di. Vi tel då kor mange dagar du fekk støtte fram til avbrotet. Eit vanleg semester er 150 dagar. Det betyr at dersom du har avbrote utdanninga for eksempel 15.november, har du brukt 90 dagar av dei åtte åra (2 400 dagar) du kan ha rett til støtte.

Har du fått lån og stipend til utdanning frå offentlege støtteordningar i andre land, tel dette med i dei åtte åra. Det betyr at dersom du har fått støtte til ein treårig bachelorgrad frå til dømes CSN i Sverige eller SU i Danmark, har du rett til fem år med lån og stipend frå Lånekassen.

Unntak

Det er nokre unntak frå denne regelen. Du kan få støtte i meir enn åtte år dersom du har blitt forseinka i utdanninga di av desse årsakene:

Til folkehøgskole kan du maksimalt få lån og stipend i to år. Dersom du tar ein ph.d.- grad i utlandet, kan du få lån og stipend frå Lånekassen i til saman tolv år.

Eksempel

I dette eksempelet har du fått støtte frå Lånekassen til heile utdanninga di.

Du har tatt  Kor mange år
Folkehøgskole 1 år
Psykologi årsstudium 1 år
Fysioterapi 3 år
Sum 5 år

 

Du planlegg å ta Kor mange år
Medisinutdanning 6 år
Kor mange år totalt med utdanning 11 år
Kor mange år med støtte frå Lånekassen 8 år
Kor mange år du må finansiere sjølv 3 år