Omgjering av lån til stipend

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 03.07.2018
Inntil 40 prosent av basisstøtta kan bli gjort om til stipend.

Det er berre delar av basisstøtta som kan bli gjort om til stipend. Andre stipend, som skolepengestipend og reisestipend, får du utbetalt ved byrjinga av kvart semester.

Du må sende inn eksamensresultata dine for å få gjort om lån til stipend

Når du har avslutta utdanninga i utlandet, må du sende inn kopi av vitnemål eller endeleg eksamensutskrift sjølv, slik at vi kan gjere om lån til stipend. Send inn resultata så fort som mogeleg etter du har bestått utdanninga for å vere sikker på å få full omgjering. Informasjon om inntekt og formue hentar vi inn direkte frå skatteetaten når fastsetjinga (likninga) er klar.

Spesielt for deg som studerer utanfor Norden

Du må i tillegg dokumentere betalte skolepengar for siste skoleår dersom du ikkje tidlegare har sendt inn C-skjema med desse opplysningane.

Slik sender du inn vitnemålet ditt

Du kan anten laste opp vitnemålet ditt på Dine sider, eller sende oss ein kopi av det i posten.

Skal du sende vitnemålet i posten, tek du ein kopi av heile vitnemålet og sender det til oss. Merk vitnemålet med fødselsnummeret eller kundenummeret ditt. Du treng ikkje «rett kopi»-stempel på kopien du sender oss.

For deg som har tatt delstudiar i utlandet

Har du vore på studieopphald i utlandet som ein del av høgare utdanning i Norge (delstudiar), er det den norske lærestaden din som skal godkjenne utdanninga og rapportere inn eksamensresultat til Lånekassen.

Du må sjølv levere originalvitnemål til den norske lærestaden, slik at dei kan overføre eksamensresultata til Lånekassen når dei er godkjent. Du skal derfor ikkje sende karakterutskrift eller vitnemål direkte til oss.

Lyst til å vite mer? Les meir om omgjering av lån til stipend.