Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Toårige gradar og licence i Frankrike

    Frankrike har fleire toårige gradar, blant anna DUT (Diplôme Universitaire de Technologie), BTS (Brevet de Technicien Supérieur) og DEUG (Diplôme d’Etudes Universitaires Générales). Desse gradane gir utteljing for 120 studiepoeng på lågare grad (undergraduate) i Noreg. Du kan få gradsomgjering for slike gradar.

    Det er mogleg å byggje på slike toårige gradar med eitt ekstra år for å oppnå ein treårig licence, som gir utteljing for 180 studiepoeng i Norge. Du kan få gradsomgjering også for licence. Har du allereie fått gradsomgjering for dei to første åra, vil du berre få gradsomgjering for det tredje året når du fullfører ein licence.