Praktisk informasjon for deg som studerer i utlandet

Sist oppdatert: 04.04.2019
Det er fleire ting det er viktig å vere klar over når du skal studere i utlandet.

Du bør blant anna vere klar over

  • kva helsetenester du kan få støtte til
  • om du har riktig forsikring
  • om du treng visum
  • kor du finn informasjon om studier i utlandet

Tips og råd for deg som studerer i utlandet

Helserettar for studentar i utlandet

Folketrygda har fleire ordningar for norske statsborgarar som studerer i utlandet, avhengig av kva land du skal studere i, og kor lenge du skal studere.

Som student i utlandet vil du automatisk behalde medlemskapen i folketrygda dersom du er

  • norsk statsborgar eller statsborgar i eit EØS-land og
  • får lån og stipend frå Lånekassen

Det er Helfo som har ansvaret for å informere om kva helsetenester du kan få stønad til som student i utlandet. Helfo kan du kontakte på telefon 800 43 573/+47 23 3270 30, eller på e-post .

Dersom du ikkje får støtte frå Lånekassen, eller har spørsmål om medlemskap i folketrygda, må du kontakte Nav for hjelp.

Student innanfor EU/EØS?

Her kan du lese meir om helserettar som student innenfor EU/EØS.

Student utanfor EU/EØS?

Her kan du lese meir om helserettar som student utenfor EU/EØS.

Ikkje norsk statsborgar eller EØS-borgar

Dersom du er statsborgar frå eit land utanfor EU/EØS-området og skal studere i utlandet, må du melde frå til Nav Internasjonalt for å få avklart medlemskapen i folketrygda.

Tips før du reiser

Ordne med fullmakt

Ønsker du at foreldra dine skal ta kontakt med Lånekassen på dine vegner, må dei ha fullmakt dersom du er over 18 år.

For å gi fullmakt til foreldra dine må du sende oss enten

  • ein e-post frå Dine sider, eller
  • ein faks til 22 64 26 36, eller
  • eit brev til Lånekassen, Postboks 4551, 8608 Mo i Rana

I fullmakta må det stå kven du gir fullmakt til, og kva dei får lov til på dine vegner. For eksempel kan du skrive «eg gir Ola Nordmann fullmakt til å få opplysningar om kundeforholdet mitt i Lånekassen»

Dersom du sender inn fullmakta som brev eller faks, må du skrive det fulle namnet og kundenummeret eller fødselsnummeret ditt på arket der du gir fullmakt, og du må signere arket.

Har du gyldig reiseforsikring?

Utanriksdepartementet (UD) anbefaler alle som tar utdanning i utlandet å ha reiseforsikring. Sjekk derfor at du har gyldig forsikring, og at forsikringa er gyldig i landa du skal studere i. Les meir om reiseforsikring på UD sine sider.

Er passet ditt gyldig?

Du finn informasjon om pass på nettsidene til politiet.

Visum

Å skaffe visum dersom landa du skal reise til krevjar det, er ditt ansvar. Du bør kontakte ambassaden til det aktuelle landet for å få oppdatert informasjon. Mange land utanfor Europa krev at innreisande studentar har visum. Visumreglar og prosedyrar varierer frå land til land. Det er lurt å sjekke dette så tidleg som mogleg så du veit kva for dokument som blir kravde for å søke om visum.

Nokre land krev at du kan vise kven som skal finansiere studiane dine. Lånekassen kan ikkje gi ein garanti for at du får støtte før søknaden din er ferdigbehandla, men du kan bruke vår førebels erklæring om rett til støtte i slike tilfelle.

Ta vaksinar i god tid dersom det er nødvendig

Om du treng å ta vaksinar eller ikkje, avheng av reisemål, reisetype, lengd av reisa og den epidemiologiske situasjonen i landet du skal. På Folkehelseinstituttets nettsider kan lese meir om vaksinar.

ANSA

Association of Norwegian Students Abroad

ANSA er interesseorganisasjonen til utanlandsstudentane og representerer 24 000 norske studentar i utlandet.

ANSA driv Noregs nasjonale informasjonssenter for utanlandsstudiar og tilbyr nøytral rettleiing. Under utanlandsopphaldet hjelper organisasjonen studentane med rådgiving, beredskap og studentforsikring.