Skolepengar - Norden

Sist oppdatert: 03.04.2019
Innanfor Norden kan du få låne 65 362 kroner per år til å dekkje skolepengar.

Støtte til skolepengar innanfor Norden blir berre gitt som lån. For skoleåret 2019-2020 kan du få låne maksimalt 65 362 kroner til å dekkje skolepengar.

Du får berre støtte til skolepengar som du faktisk betalar. Du kan ikkje få lån til skolepengar dersom skolepengar er dekka av andre. Skolepengestøtta blir gitt for den fastsette tida (normert studietid) som er sett for å gjennomføre eit studium.