Skolepengar - utanfor Norden

Sist oppdatert: 03.04.2019
Du kan få inntil 309 704 kroner i stipend og lån per undervisningsår til å dekke skolepengar. Kor mykje du får i skolepengestøtte, kjem an på kor mykje du skal betale til lærestaden din.

Det finst tre typar skolepengestøtte:

Støttetype Maksimalt beløp for eit heilt år
Vanleg skolepengestøtte 133 752 kr Består av både stipend og lån
Tilleggsstipend til dekking av skolepengar ved utvalde lærestader 72 320 kr Stipend
Tilleggslån til dekking av skolepengar 103 632 kr Reint lån
Sum 309 704 kr

Du får berre støtte til skolepengar du faktisk betalar

Det er beløpet du skal betale til lærestaden din i skolepengar som avgjer kor mykje du får i skolepengestøtte frå oss. Støtte til skolepengar skal gå til å dekkje skolepengar og/eller andre obligatoriske avgifter som har samanheng med undervisninga. Andre utgifter, for eksempel til bøker eller opphald, får du ikkje skolepengestøtte til, sjølv om du må betale dette direkte til skolen.

Vi gir stipend og lån til skolepengar i denne rekkjefølgja:

  1. Vanleg skolepengestøtte.
  2. Tilleggsstipend dersom du har rett til det. Det er berre studentar ved utvalde lærestader av høg kvalitet og som betalar meir i skolepengar enn den vanlege skolepengestøtta, som kan få tillegsstipend.
  3. Tilleggslån dersom du studerer ved ein lærestad med høge skolepengar. Du kan få tilleggslån sjølv om du ikkje har rett til tilleggsstipend.

Eksempel: Skolepengar på 200 000 kroner, utan tilleggsstipend

  • Vanleg skolepengestøtte: 133 752 kr
  • Tilleggslån: 66 248 kr

Eksempel: Skolepengar på 250 000 kroner, med tilleggsstipend

  • Vanleg skolepengestøtte: 133 752 kr
  • Tilleggsstipend: 72 320 kr
  • Tilleggslån: 43 928 kr

Skolepengestøtta blir valutajustert

Når vi utbetaler skolepengestøtte, blir både lån og stipend valutajusterte dersom den norske krona har styrkt eller svekka seg med meir enn ein prosent frå 1. april 2019.

Slik søkjer du om støtte til skolepengar

Det er ikkje ein eigen søknad om støtte til skolepengar, men første gongen du søkjer om stipend og lån til utdanninga i utlandet, må du legge ved dokumentasjon som viser kor mykje du skal betale. Les meir om dokumentasjonskrava.