Slik er skolepengestøtta fordelt mellom lån og stipend

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Studiestøtta til utdanning utanfor Norden er fordelt mellom stipend og lån ut frå nivået på utdanninga di.

Du får ein større del av skolepengestøtta som eit stipend dersom du får lån og stipend til gradsutdanning på master- eller ph.d.-nivå, og dersom du skal på utveksling til utlandet, enn dersom du tar gradsutdanning på bachelornivå.

Merk at alle beløpa i teksten under gjeld fr ein helt undervisningsår. Dersom du berre skal ha lån og stipend i eitt semester, må du dele beløpa på to.

Lån og stipend til skolepengar - gradsutdanning på bachelornivå

Skolepengar inntil 69 700
Skolepengar over 69 700
Totalt
34 850
34 850
172 195
241 895
50 % stipend 50 % lån 100 % lån

Støtte til skolepengar inntil 69 700 kroner består av 50 prosent stipend (34 850 kroner) og 50 prosent lån (34 850 kroner). Beløp over 69 700 kroner blir berre gitt som lån. Stipenddelen av skolepengestøtta er altså maksimalt 34 850 kroner.

Lån til å betale skolepengar blir ikkje gjort om til stipend etter endt utdanning, slik delar av basislånet kan bli.

Lån og stipend til skolepengar - utveksling i utlandet

Skolepengar inntil 69 700
Skolepengar over 69 700
Totalt
48 790
20 910
172 195
241 895
70 % stipend 30 % lån 100 % lån

Fordelinga av skolepengestøtta til utveksling er den same, uavhengig av om du skal ta fag på bachelor- eller masternivå.

Støtte til skolepengar inntil 69 700 kroner består av 70 prosent stipend (48 790 kroner) og 30 prosent lån (20 910 kroner). Beløp over 69 700 kroner blir gitt som lån. Stipenddelen av skolepengestøtta er altså maksimalt 48 790 kroner.

Skolepengelånet blir ikkje gjort om til stipend etter endt utdanning, slik delar av basislånet kan bli.

Lån og stipend til skolepengar - gradsutdanning på masternivå og til ph.d.-utdanning

Skolepengar inntil 69 700
Skolepengar over 69 700
Totalt
48 790
20 910
172 195
241 895
70 % stipend 30 % lån 100 % lån

Støtte til skolepengar inntil 69 700 kroner består av 70 prosent stipend (48 790 kroner) og 30 prosent lån (20 910 kroner). Beløp over 69 700 kroner blir gitt som lån. Stipenddelen av skolepengestøtta er altså maksimalt 48 790 kroner.

Skolepengelånet blir ikkje gjort om til stipend etter endt utdanning, slik delar av basislånet kan bli.

Utvidet stipend til dekning av skolepengar ved utvalde lærestader

Lånekassen kan gi eit utvida stipend til utdanning ved utvalde lærestader av høg kvalitet, dersom skolepengane er høgare enn 136 294 kroner.

Profesjonsutdanning i utlandet

For lange profesjonsutdanningar i utlandet, som for eksempel medisinstudiet, som ikkje er delt i bachelor- og mastergrad, gir vi skolepengane etter reglane for bachelorstudentar i dei tre første åra av studiet. Frå og med fjerde år i studiet blir støtte gitt etter reglane for mastergrad.