Tilleggslån til dekking av skolepengar

Sist oppdatert: 03.04.2019
Du kan få eit tilleggslån til dekking av skolepengar på inntil 103 632 kroner dersom du går på eit universitet med høge skolepengar.

Betaler du meir i skolepengar enn den vanlege skolepengestøtta, som er på 133 752 kroner, kan du få eit ekstra lån på inntil 103 632 kroner til dekking av skolepengane du skal betale. Tilleggslånet er eit reint lån, som ikkje kan gjerast om til stipend.

Du søkjer automatisk om tilleggslån

Du søkjer automatisk om tilleggslånet til dekking av skolepengar dersom du vel "stipend og maksimalt lån" i  nettsøknaden. Dersom du ikkje ønskjer tilleggslånet, må du velje "stipend og avgrensa lån" og fylle inn beløpet du ønskjer å låne. Det ser slik ut i søknaden:

skjermbilete val i nettsøknad

Har du rett til tiltilleggsstipend også?

Studentar som går på utvalde utdanningar av høg kvalitet, og som betaler høge skolepengar, kan også få tilleggsstipend til dekking av skolepengar. Tilleggsstipendet blir gitt før tilleggslånet, det vil seie at dersom du går på ei utdanning som gir rett til tilleggsstipend blir skolepengestøtta gitt i følgjande rekkjefølgje: 1. vanleg skolepengestøtte, 2. tilleggsstipend, 3. tilleggslån