Utvida stipend til dekning av skolepengar ved utvalde lærestader

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Lånekassen kan gi utvida stipend til utdanning ved utvalde lærestader med særleg høge skolepengar, dersom skolepengane er høgare enn 136 294 kroner.

Ved desse lærestadene kan vi gje utvida stipend innanfor fastsett studietid til bachelor-, master- og PhD-grad. For å få dette stipendet må skolepengane for eitt år vere høgare enn det som Lånekassen gir i vanleg støtte til skolepengar.

For undervisningsåret 2020-2021 utgjer det utvida stipendet maksimalt 73 694 kroner. Du kan få utvida stipend dersom skolepengane er høgare enn 136 294 kroner og lærestaden er omfatta av ordninga. 

Lista over lærestader som blir omfatta av ordninga med utvida stipend blir revidert kvart år. Startar du på ei utdanning i undervisningsåret 2020-2021, må lærestaden din vere på lista nedanfor, for at du skal ha rett til utvida stipend.

Kriterium for vurdering av lærestadene

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) lagar lista over lærestader som gir rett til utvida stipend. Vurderinga baserer seg på to ulike internasjonale rangeringar av forskingsuniversitet. Meir informasjon om vurderinga finn du på Diku sine nettsider.

Ingen eigen søknad

Du treng ikkje å sende inn ein eigen søknad om utvida stipend. Dersom du har rett til lån og stipend, har fått opptak ved ein lærestad som er omfatta av ordninga og betalar meir enn 136 294 kroner i skolepengar per år, vil du få stipendet.

Undervisningsår kortare enn seks månader

Det kan bli gitt opptil 36 847 kroner i utvida stipend dersom undervisningsåret er kortare enn seks månader.

Utveksling

Du kan også få utvida stipend etter dei same kriteria dersom du er på utveksling, det vil seie utdanning i utlandet som er ein godkjend del av ei utdanning som du har begynt på i Noreg.

Liste over lærestader som gir rett til tilleggsstipend i 2020–2021

Australia
Belgia
Canada
Frankrike
Irland
Japan
Kina inkludert Hong Kong
Nederland
Russland
Singapore
Storbritannia
Sveits
Sør-Korea
Taiwan
Tyskland
USA
Østerrike

Australia

  • Australian National University
  • Monash University
  • University of Adelaide
  • University of Melbourne
  • University of New South Wales
  • University of Queensland
  • University of Sydney
  • University of Western Australia

Belgia

  • Catholic University of Louvain
  • Ghent University
  • KU Leuven

Canada

  • McGill University
  • McMaster University
  • University of Alberta
  • University of British Columbia
  • University of Montreal
  • Univeristy of Ottawa
  • University of Toronto

Frankrike

  • Ecole Normale Superieure - Paris
  • Paris-Sud University (Paris 11)
  • Sorbonne University
  • University of Paris Descartes (Paris 5)
  • University of Paris Diderot (Paris 7)

Irland

  • Trinity College Dublin

Japan

  • Kyoto University
  • University of Tokyo

Kina inkludert Hong Kong

  • Fudan University
  • Nanjing University
  • Peking University
  • Shanghai Jiao Tong University
  • Tsinghua University 
  • University of Science and Technology of China 
  • Zhejiang University
  • Chinese University of Hong Kong
  • Hong Kong University of Science and Technology
  • University of Hong Kong

Nederland

  • Delft University of Technology 
  • Erasmus University Rotterdam 
  • Leiden University
  • Radboud University Nijmegen
  • University of Amsterdam
  • University of Groningen
  • Utrecht University
  • VU Universiteit Amsterdam
  • Wageningen University

Russland

  • Lomonosov Moscow State University

Singapore

  • Nanyang Technological University
  • National University of Singapore

Storbritannia

  • Cardiff University 
  • Imperial College London
  • King’s College London 
  • London School of Economics and Political Science
  • Queen Mary University of London
  • University College London (UCL)
  • University of Birmingham
  • University of Bristol
  • University of Cambridge
  • University of Edinburgh
  • University of Exeter
  • University of Glasgow
  • University of Leeds
  • University of Liverpool
  • University of Manchester
  • University of Nottingham
  • University of Oxford
  • University of Sheffield
  • University of Southampton
  • University of Sussex
  • University of Warwick

Sveits

  • Swiss Federal Institute of Technology Lausanne (EPLF)
  • Swiss Federal Institute of Technology Zurich (ETH)
  • University of Basel
  • University of Bern
  • University of Geneva
  • University of Zurich

Sør-Korea

  • Seoul National University
  • Sungkyunkwan University (SKKU)

Taiwan

  • National Taiwan University

Tyskland

  • Heidelberg University
  • RWTH Aachen University
  • Technical University of Munich
  • University of Bonn
  • University of Cologne
  • University of Freiburg
  • University of Göttingen
  • University of Munich (LMU)
  • University of Tübingen

USA

  • Arizona State University
  • Boston University
  • Brown University
  • California Institute of Technology
  • Carnegie Mellon University
  • Case Western Reserve University
  • Columbia University 
  • Cornell University
  • Duke University
  • Emory University
  • Georgia Institute of Technology
  • Harvard University
  • Indiana University Bloomington
  • Johns Hopkins University
  • Massachusetts Institute of Technology
  • Michigan State University
  • New York University
  • Northwestern University
  • Ohio State University - Columbus
  • Penn State University - University Park
  • Princeton University
  • Purdue University - West Lafayette
  • Rice University
  • Rutgers, The State University of New Jersey
  • Stanford University
  • Texas A&M University
  • Tufts University
  • University of Arizona
  • University of California, Berkeley
  • University of California, Davis
  • University of California, Irvine
  • University of California, Los Angeles
  • University of California, San Diego
  • University of California, Santa Barbara
  • University of California, Santa Cruz
  • University of Chicago
  • University of Colorado at Boulder
  • University of Florida
  • University of Illinois at Urbana-Champaign
  • University of Maryland, College Park
  • University of Michigan-Ann Arbor
  • University of Minnesota Twin Cities
  • University of North Carolina at Chapel Hill
  • University of Pennsylvania
  • University of Pittsburgh, Pittsburgh Campus
  • University of Rochester
  • University of Southern California
  • University of Texas at Austin
  • University of Virginia
  • University of Washington
  • University of Wisconsin-Madison
  • Vanderbilt University
  • Washington University in St Louis
  • Yale University

Østerrike

  • University of Vienna

Kva skjer når lærestaden min ikkje er på tilleggsstipendslista lenger?

Dersom lærestaden din var på tilleggsstipendslista då du begynte på studiet, har du framleis rett til tilleggsstipend i normert tid for utdanninga.

Utvida stipend blir jamleg revidert

Det er Kunnskapsdepartementet og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som vurderer kva lærestader som skal stå på lista for utvida stipend.

Forskriftene for stipendet blir gitte av Kunnskapsdepartementet, og blir årleg revidert. Lista ovanfor gjeld for søkarar som startar på ei utdanning i undervisningsåret 2020-2021. Dersom du planlegg å starte på ei utdanning i undervisningsåret 2021-2022, må du vente til oktober 2020 før den neste lista blir publisert - først då vil du kunne vite om du har rett til utvida stipend.

Dei andre vilkåra for stipendet kan også bli endra i framtida. Studentar som har fått stipendet, kan normalt rekne med å behalde stipendet i fastsett studietid, sjølv om lærestaden fell ut av ordninga med utvida stipend.