Valutajustering

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Lån og stipend til skolepengar og utvida stipend til dekning av skolepengar ved utvalde lærestader blir valutajustert.

Andre stipend og lån, som basislån, lån og stipend til reise og språkstipend, blir ikkje valutajusterte.

Valutajusteringa skjer automatisk når pengane blir overførte til kontoen din. Overføringa skjer i norske kroner, og du må sjølv veksle til den valutaen du treng.

Valutakursen som gjeld når du får svar frå Lånekassen

Når søknaden din er behandla, får du eit vedtaksbrev. I dette brevet vil du sjå kva beløp du får til skolepengar og eventuelt som utvida stipend.

Valutakursen som gjeld når vi utbetaler støtta

Når vi skal betale ut støtta, sjekkar vi om valutaen har endra seg med meir enn éitt prosentpoeng på utbetalingstidspunket, samanlikna med valutakursen som Lånekassen har fastsett for studieåret. Dersom det har vore ei slik endring, vil det beløpet du får utbetalt til skolepengar, vere enten større eller mindre enn det som står i vedtaksbrevet.

Det er den gjennomsnittlege valutakursen frå månaden før støtta blir utbetalt, som blir brukt i valutajusteringa. Det betyr at skolepengestøtte som blir utbetalt i juli, blir justert ut frå den gjennomsnittlege valutakursen i juni.

Sikre korrekt forhold til gjeldande valutakurs

Styrkjer den norske krona seg, vil det koste mindre å kjøpe valutaen. Når den norske krona blir svekt, må ein betale meir for å kjøpe valutaen. Valutajusteringa sikrar at skolepengestøtta som er innvilga i vedtaket om utdanningsstøtte blir korrekt i forhold til gjeldande valutakurs for månaden du får betalt ut støtta.

Betalar du mykje i skolepengar?

Du kan ikkje få meir lån og stipend til skolepengar enn det som er satsane til Lånekassen.  Vi kan ikkje tildele ytterlegare støtte til skolepengar som kompensasjon for at skolepengestøtta blir redusert ved valutajustering, sjølv om dei faktiske skolepengane du betalar overstig Lånekassens satsar.

Når vi valutajusterer, får du eit nytt vedtaksbrev

I vedtaksbrevet og avtalen om støtte får du vite at valutajustering kan skje. Dersom støtte til skolepengar blir justert, får du etter nokre dagar eit nytt vedtaksbrev. Brevet informerer deg om den nye kursen, og om kva beløp du har fått utbetalt.