Eksempel på kor mykje du kan få

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
På denne sida kan du sjå eksempel på kor mykje du kan få i støtte til utdanning i utlandet utanfor Norden.

Tabellen inneheld maksimale beløp, for eksempel vil kor mykje skolepengestøtte du kan få vere avhengig av kor mykje du faktisk skal betale.

Type støtte Maksimalt beløp,
heile undervisningsåret

Basislån
123 519 kr Pengar å bu og leve for. Blir utbetalt som lån, men inntil 40 prosent kan bli omgjort til stipend.
Lån og stipend til skolepenger
241 895 kr Stipend og lån til dekking av skolepengar.
Utvida stipend til dekking av skolepengar ved utvalde universitet
73 694 kr Blir utbetalt som stipend.
Sum  439 108 kr
Reisestøtte:

Reisestøtte blir utbetalt som 35 prosent stipend og 65 prosent lån.
Europa 5 112 kr
Afrika 20 996 kr

Asia 17 540 kr

Nord- og Mellom-Amerika 19 060 kr

Sør-Amerika 24 404 kr

Oseania 27 808 kr

Språkstipend
22 164 kr Blir utbetalt som stipend

Om tala

  • Alle tala i tabellane er makssum oppgitt i norske kroner, og gjeld eit vanleg undervisningsår.
  • Stipenddelen av basislånet blir ikkje bestemt før vi har fått likningstall frå skatteetaten året etter at du mottok støtta.
  • Stipenddelen er avhengig av at du har bestått eksamen, at du har inntekt og formue under dei fastsette grensene, og at du ikkje bur saman med foreldra dine under utdanninga.
  • Skolepengestøtta blir utbetalt delvis som stipend og delvis som lån. Skolepengelånet blir ikkje omgjort til stipend ved bestått utdanning.
  • Barnestipend til deg som har barn er ikkje tatt med i oversikta.