Nedsett funksjonsevne

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Kan du ikkje jobbe ved sida av utdanninga fordi du har nedsett funksjonsevne, kan du få meir støtte og støtte for ein lengre periode.

 

Ordningane gjeld for deg som tar høgare og anna utdanning, og som har nedsett funksjonsevne. 

Dette kan du få

Individuelle utgifter blir ikkje støtta

Støtte blir gitt etter forskriftsfastsette satsar, utan individuelle vurderingar av utgifter. Individuelle utgifter, som for eksempel utgifter til assistenthjelp, blir ikkje dekt gjennom utdanningsstøtteordninga, verken ved utdanning i Noreg eller i utlandet. Individuelle utgifter av denne typen blir vurderte etter folketrygdloven. For nærmare informasjon om dekning av individuelle utgifter kan du ta kontakt med Nav.

Behovsprøving

Merk at støtte om sommaren og tillegsstipend ved nedsett funksjonsevne i studieåret blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue når fastsettinga av formues- og inntektsskatt (skattemeldinga) for det året du har fått støtte, er klar. Du kan ikkje få stipend til forseinking utover eitt år samtidig som du får trygd som er meint å dekke livsopphald. 

når likninga for det året du har fått støtte, er klar. Du kan ikkje få stipend til forseinking utover eitt år samtidig som du får trygd som er meint å dekkje livsopphald.

Slik søker du

Same kva ordning du søker om, må du først søke om støtte frå Lånekassen på vanleg måte på lanekassen.no. Du får ikkje spørsmål om du har nedsett funksjonsevne i søknaden. Vil du søke om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne, støtte for sommaren og/eller stipend til forseinking utover eitt år, må du gjere det slik:

Ordning

Trinn 1

Trinn 2

Trinn 3

Tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne

Fyll ut skjemaet "Tilleggsstipend for søkarar med nedsett funksjonsevne" (X-skjema). Du finn søknadsskjemaet her.

Få legen din eller ein annan spesialist/fagperson med særleg kjennskap til din nedsette funksjonsevne til å stadfeste på skjemaet at du

  • har nedsett funksjonsevne 
  • ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne

Send inn 
X-skjemaet til: Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Støtte for sommaren

Fyll ut skjemaet "Stipend og lån for sommaren for søkarar med nedsett funksjonsevne" (Y-skjema). Du finn søknadsskjemaet her

Få legen din eller ein annan spesialist/fagperson med særleg kjennskap til din nedsette funksjonsevne til å stadfeste på skjemaet at du

  • har nedsett funksjonsevne
  • ikke kan ha sommarjobb på grunn av nedsett funksjonsevne

Send inn 
Y-skjemaet til: Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Forseinking utover eitt år

Du må skrive eit brev til Lånekassen der du forklarer kvifor du søker om stipend til forseinking utover eitt år.

Merk brevet med fødselsnummeret eller kundenummeret ditt.

Legg ved

  • dokumentasjon frå lærestaden som viser at du er forseinka fordi læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden ikkje var tilpassa den nedsette funksjonsevna di.
  • dokumentasjon frå Nav som viser at du ikkje får støtte frå Nav til livsopphald.

Send inn brevet og dokumentasjonen til: Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Søknadsfrister

  • Du må søke om støtte seinast 15. november for hausten og 15. mars for våren.
  • Søknad om tilleggsstipend i undervisningsåret må vere kommen inn til Lånekassen før perioden du har søkt om støtte for er avslutta.
  • Søknad om stipend og lån for sommaren må vere kommen inn til Lånekassen seinast 15. august den sommaren du søker støtte for. Avsluttar du utdanninga eller kurset ditt før 15. august, må søknaden vere komen inn til oss før utdanninga eller kurset ditt er fullstendig.

Du får svar på søknaden tilsendt i posten

Når du søker om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne, støtte om sommaren eller støtte til forseinking utover eitt undervisningsår, blir svaret sendt i posten. Dersom du får slik støtte, må du signere og sende inn den signerte avtalen i posten. Du kan altså ikkje signere elektronisk.