11 månader med studiestøtte

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Det er berre fulltidsstudentar som tar utdanning på nivå med universitets- og høgskoleutdanning i Norge som får 11 måneder med studiestøtte. Dei fleste får den ekstra støtta utbetalt i juni. For studentar i utlandet kan utbetalinga komme litt seinare.

Det er også eit krav at du må ha vore i utdanning i heile vårsemesteret for å få lån og stipend i 11 månader.

Du treng ikkje signere ein ny avtale om støtte for å få den ekstra utbetalinga, den kjem automatisk.

Dersom du har fått støtte til ei gradsutdanning som går over 12 månader, for eksempel ein mastergrad i Storbritannia, får du ikkje den ekstra støtta. Årsaka til det er at du allereie får støtte i 11 månader.

Når skjer utbetalinga?

Studerer du i eit land der studieløpet er likt det norske, får du den ekstra støtta utbetalt i juni. Det gjeld for eksempel dersom du studerer i Nord-Amerika. Studerer du i eit land der støtteperiodane er annleis enn i Noreg, vil utbetalinga skje slik:

Land Støtteperiode Utbetaling
Australia, New Zealand og Sør-Afrika 16. juli–15. des. og 16. feb.– 15. juli Juli 2021
Sveits, Østerrike, Israel, Japan og Sør-Korea 16. sept.–15. feb. og 16. feb.–15. juli Juli 2021
Tyskland 16. okt.–15. mars og 16. mars–15. aug.
August 2021

Desse får ikkje ein ekstra månad med studiestøtte

  • Studentar i deltidsutdanning
  • Studentar som berre tar utdanning i haustsemesteret
  • Elever på folkehøgskole
  • Elever i vidaregåande opplæring
  • Elever og studentar som allereie får støtte om sommaren etter andre ordningar