Rekrutteringsstipend

Sist oppdatert: 03.04.2019
Er du student ved NORGINSA i Toulouse kan du ha rett til eit rekrutteringsstipend på 20 360 kroner i året.

Lånekassen kan gi eit rekrutteringsstipend på 20 360 kroner i året til studentar ved spesielt tilrettelagde masterprogram for økonomi- og ingeniørutdanning i Tyskland og Frankrike.

Stipendet kjem i tillegg til vanleg støtte, og du får utbetalt halvparten per semester.

Kven kan få rekrutteringsstipendet?

Det er berre NORGINSA, som er ein femåring masterstudium i teknologi ved ingeniørskolen INSA i Toulouse i Frankrike, som er godkjent for rekrutteringsstipendet. Studiet er spesielt tilrettelagt for norske studentar.

Du kan få stipendet i inntil tre år. Tek du mastergradsutdanning som varer i meir enn tre år, får du stipendet i dei tre første åra du mottek støtte frå Lånekassen til denne utdanninga. Stipendet kan også bli gitt til studentar som starta på utdannina fær ordninga starta hausten 2018.

Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som administrerer opptaket til programmet, og utarbeider lista over utdanningar som gir rett til rekrutteringsstipendet. Les meir på Diku sine sider.

Slik får du rekrutteringsstipendet

Det er ikkje ein eigen søknad om rekrutteringsstipend. Når du søkjer om støtte på vanleg måte, vurderer Lånekassen om du har rett til rekrutteringsstipend.