Førebels erklæring om lån og stipend

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Ei førebels erklæring om lån og stipend kan fungere som mellombels dokumentasjon på kor mykje du får i lån og stipend frå Lånekassen når du søker opptak til utdanning i utlandet.

Førebels erklæring om lån og stipend er ei generell berekning av kor mykje du kan få i lån og stipend frå Lånekassen for eitt heilt studieår, dersom du skal studere i utlandet.  

Erklæringa er gyldig i heile verda, men det er spesielt studentar i USA og Canada som treng ei slik erklæring. 

Dette kan du bruke erklæringa til 

Du kan bruke erklæringa for eksempel når: 

  • du søker om opptak til ei utdanning i utlandet 
  • du søker om visum 
  • du skal skaffe deg bustad og utleigar ønsker finansiell oversikt 
  • lærestaden etterlyser innbetaling av skolepengar før Lånekassen har behandla søknaden din om lån og stipend 

Hugs å søke om lån og stipend på Dine sider 

For å få lån og stipend frå Lånekassen må du studere ved ein godkjent lærestad, og oppfylle alle vilkåra. Ei førebels erklæring kan ikkje erstatte ein søknad om lån og stipend. Du må sende inn ein søknad om lån og stipend på Dine sider når du har fått opptak ved lærestaden.  

Last ned førebels erklæring