Søkje støtte til ny utdanning i utlandet

Sist oppdatert: 03.04.2019
Du må sende inn ein søknad om støtte og leggje ved dokumentasjon på opptak, generell studiekompetanse og kor mykje skolepengar du eventuelt skal betale.

Når du søkjer om støtte til ei utdanning i utlandet for første gong, må du leggje ved dokumentasjonen. Når du seinare søkjer om støtte til andre-, tredjeåret og så vidare, treng du ikkje det. Skal du på utveksling frå ein norsk lærestad, er søknadsprosessen annleis.

Slik søkjer du om støtte til studier i utlandet første gong

1. Du må få opptak før du kan søkje
Du søkjer først på ein skole. Når du har fått opptak, kan du søkje om støtte frå Lånekassen.

2. Last opp dokumentasjon
Du lastar opp dokumentasjon i søknaden, og sender inn søknaden til oss. Du kan også sende inn søknaden utan dokumentasjon, men da må du ettersende dette via Dine sider.

Les meir om dokumentasjon her.

3. Vi behandlar søknaden din
På Dine sider kan du sjå kva for søknader du har sendt inn og forventa behandlingstid.

4. Du får innvilga søknaden din
Du får beskjed om at vi har innvilga søknaden din. Då må du signere avtalen om støtte før vi kan utbetale pengane til den norske bankkontoen din.

Har du ikkje sendt oss nok eller riktig dokumentasjon, vil du få beskjed frå oss om at du må ettersende manglande dokumentasjon. Dette gjer du via Dine sider. Vi kan ikkje innvilge søknaden din før vi har fått dokumentasjonen vi treng frå deg.

Gå til søknaden

Søknadsfrist

Frå mai 2019 kan du søkje om lån og stipend for heile undervisningsåret 2019-2020. Søknadsfristen for haustsemesteret er 15. november 2019, og for vårsemesteret 15. mars 2020.

Med «haust» og «vår» meiner vi semestera slik dei er i Noreg, altså at hausten er før nyttår og våren etter. Det gjeld også for deg som studerer i land der årstidene er annleis.

Kva er krava for å kunne søkje om lån og stipend?

For å ha rett til støtte må du oppfylle desse krava:

  • vere norsk statsborgar
  • ha ein tilknyting til Noreg
  • ha generell studiekompetanse i Noreg
  • ha endeleg opptak ved ein godkjend lærestad i eit godkjent utdanningsprogram

Les om korleis du oppfyller desse krava her.

Slik sender du inn dokumentasjon

  • Direkte i søknaden. Det enklaste er at du sender inn dokumentasjonen samtidig som du søker. Då kan vi raskare begynne å behandle søknaden din. Du får melding i søknaden om kva du skal laste opp.
  • På Dine sider etter at du har søkt. Du finn igjen informasjonen om kva du skal laste opp under "Dine søknader".
  • I posten etter at du har søkt. Ta ein kopi av all dokumentasjonen, og send den til oss. Merk papira med fødselsnummeret eller kundenummeret ditt.

Du treng ikkje «rett kopi»-stemplar eller annan type stadfesting på kopiane du sender oss.

Kor lang er behandlingstida?

Her ser du forventa behandlingstid for ulike typar søknader og brev/e-postar. Vi beklagar at saksbehandlingstida kan vere lang, og vi gjer alt vi kan for at du skal få svar så fort som mogleg.

Behandlingstid for søknader om stipend og lån

Dei fleste søknader om utdanningsstøtte blir behandla automatisk, og du får svar i løpet av ein vyrkedag.

Nokre søknader må ein saksbehandlar sjå på, og dei blir sette i ein behandlingskø. Behandlingstida for desse sakene er for tida 6-8 veker. Du finn venta svartid for søknaden din på Dine sider.

Behandlingstid for andre typar søknader

  • ekstrastipend: 6–8 veker
  • foreldrestipend: 8–12 veker
  • sjukestipend: 10–16 veker

Nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad

Dersom du sender inn nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad om støtte, er behandlingstida for tida 13–16 veker.

I postkassen på Dine sider ser du når vi fekk dokumentasjonen frå deg.

Behandlingstid når vi ber om meir dokumentasjon frå deg

Dersom ein saksbehandlar ser at vi treng meir dokumentasjon frå deg, får du ei melding om å sende inn dette. Når du har sendt inn tilstrekkeleg dokumentasjon, blir søknaden din behandla på nytt, og du vil få svar etter ca. tre veker.

Behandlingstid på klagar

Venta behandlingstid på klagar er for tida 8–10 veker. Dersom du har ein klage som skal avgjerast i klagenemnda, finn du informasjon om møtedatoar her.

Svartid på e-post

E-post du har sendt via Dine sider, får du svar på innan 10 vyrkedagar. Dersom meldinga di gjeld bachelorgrad eller mastergrad i utlandet, vil det kunne ta noko lengre tid før du får svar.