Søkje støtte for deg som er i gong med ein grad

Sist oppdatert: 03.04.2019
Du må ha sendt inn C-skjema før du kan søkje om ny støtte.

Når du er i gong med ei gradsutdanning i utlandet, treng du ikkje å dokumentere opptak og studiekompetanse, men du må sende inn eit C-skjema før Lånekassen kan behandle ein ny søknad om støtte.

Slik søkjer du

  1. Du må ha sendt inn C-skjema før vi kan behandle søknaden om støtte til eit nytt undervisningsår. Lånekassen sender deg skjemaet på Dine sider når det er tid for å sende inn. Les meir om C-skjema her.
  2. Søk om stipend og lån i nettsøknaden

Søknadsfrist

Frå mai 2019 kan du søkje om lån og stipend for heile undervisningsåret 2019-2020. Søknadsfristen for haustsemesteret er 15. november 2019, og for vårsemesteret 15. mars 2020.

Med «haust» og «vår» meiner vi semestera slik dei er i Noreg, altså at hausten er før nyttår og våren etter. Det gjeld også for deg som studerer i land der årstidene er annleis.

Kor lang er behandlingstida?

Her ser du forventa behandlingstid for ulike typar søknader og brev/e-postar. Vi beklagar at saksbehandlingstida kan vere lang, og vi gjer alt vi kan for at du skal få svar så fort som mogleg.

Behandlingstid for søknader om stipend og lån

Dei fleste søknader om utdanningsstøtte blir behandla automatisk, og du får svar i løpet av ein vyrkedag.

Nokre søknader må ein saksbehandlar sjå på, og dei blir sette i ein behandlingskø. Behandlingstida for desse sakene er for tida 6-8 veker. Du finn venta svartid for søknaden din på Dine sider.

Behandlingstid for andre typar søknader

  • ekstrastipend: 6–8 veker
  • foreldrestipend: 8–12 veker
  • sjukestipend: 10–16 veker

Nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad

Dersom du sender inn nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad om støtte, er behandlingstida for tida 13–16 veker.

I postkassen på Dine sider ser du når vi fekk dokumentasjonen frå deg.

Behandlingstid når vi ber om meir dokumentasjon frå deg

Dersom ein saksbehandlar ser at vi treng meir dokumentasjon frå deg, får du ei melding om å sende inn dette. Når du har sendt inn tilstrekkeleg dokumentasjon, blir søknaden din behandla på nytt, og du vil få svar etter ca. tre veker.

Behandlingstid på klagar

Venta behandlingstid på klagar er for tida 8–10 veker. Dersom du har ein klage som skal avgjerast i klagenemnda, finn du informasjon om møtedatoar her.

Svartid på e-post

E-post du har sendt via Dine sider, får du svar på innan 10 vyrkedagar. Dersom meldinga di gjeld bachelorgrad eller mastergrad i utlandet, vil det kunne ta noko lengre tid før du får svar.