Slik får du pengane

Sist oppdatert: 28.05.2019
Utbetaling av støtte til utdanning i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, ein gong i starten av kvart semester.

Avtalen om støtte kjem på Dine sider

Avtalen om støtte blir sendt til postkassen din på Dine sider. Du kan enkelt signere avtalen med BankID, BankID på mobil eller Buypass i utlandet, direkte frå Dine sider.

Du må sjølv signere

Du må sjølv signere avtalen om støtte før pengane kan bli overførte til den norske kontoen din. Er du under 18 år, må ein av foreldra dine skrive under på avtalen. Les meir om foreldresignering her.

Kontonummer for utbetaling

Vi kan berre setje inn pengar på ein konto du eig. På den måten kontrollerer vi at det er rett person som får pengane. Avtalen vil innehalde eitt eller fleire kontonummer som skatteetaten har oppgitt at du eig. Du kan endre kva konto du vil ha pengane overført til på Dine sider eller i avtalen om støtte.

Når får eg pengane på konto?

Vi må ha mottatt signert avtale før vi kan starte utbetalinga. Det tar ca. tre vyrkedagar frå vi mottek den signerte avtalen frå deg, til vi overfører pengane til kontoen din. For dei fleste studentane som skal studere i utlandet, blir pengane overførte tidlegast i starten av juli.

Unntaket er dei som skal studere i Australia, New Zealand og Sør-Afrika. Dei får pengane overført tidlegast i starten av juni.

Merk at støtte til skolepengar kan bli valutajustert. Det betyr at beløpet du fekk oppgitt i vedtaksbrevet ditt kan ha blitt justert på grunn av endring i valutakursen. Du vil få eit eige brev etter utbetalinga dersom dette gjeld deg.

Ofte stilte spørsmål om utbetaling av støtte

Kan de overføre pengane til den utanlandske kontoen min?

Nei. Som hovudregel utbetaler Lånekassen støtte til ein konto som du eig i ein norsk bank.

Du kan endre kontonummeret på Dine sider.

Er det mogleg å få støtta for heile året utbetalt om hausten?

Nei. Støtta frå Lånekassen blir delt i to like store utbetalingar, ei for haustsemesteret og ei for vårsemesteret. Dette er alle lærestadene klar over. Utbetaling av støtte for vårsemesteret skjer tidlegast i desember.