Annullert avtale om støtte

Sist oppdatert: 03.04.2019
Når avtalen om støtte er annullert, får du ikkje utbetalt støtta frå Lånekassen. Les her kva du må gjere for å få utbetalt pengane.

Annulleringa skjer fordi Lånekassen ikkje har motteke

  • underteikna avtale om støtte frå deg innan fristen, eller
  • stadfesting frå deg på ein konto som du sjølv eig

Korleis få pengane?

Når du har fått brev eller e-post om annullering, er det for seint å sende inn den opphavlege avtalen om støtte. For å få betalt ut støtta treng du ein ny avtale om støtte.

Under ser du kva du må gjere for å få ny avtale om støtte sendt til deg. Merk at det kan ta ei veke frå du eller lærestaden sender inn det som er nødvendig, til det er registrert hos Lånekassen og pengane kjem på konto.

Kva er problemet? Kva må du gjere?

Du har ikkje skrive under på avtalen om støtte innan fristen.

Send oss ein e-post, ring, eller send oss eit brev og sei at du ønsker ny avtale om støtte sendt til deg.


Du har ikkje sendt inn stadfesting på ein konto som du sjølv eig.

Registrer kontonummeret ditt på Dine sider.

Du må seie frå innan fristen for å få pengane

Du må sende e-post, ringe, eller sende inn brev og eventuelt registrere kontonummer innan tre veker frå du mottok brevet om annullering. Dersom skoleåret/utdanninga er avslutta, kan du ikkje få utbetalt pengane.