Utveksling videregåaende utenfor Norden

Sist oppdatert: 03.04.2019
Vi gir vanlegvis berre støtte til utveksling på Vg2, men det kan det gjerast unnatak.

Utanfor Norden gir vi vanlegvis berre støtte til Vg2. Vi kan gi støtte til utveksling via skolen din eller andre organisasjoner.

Utveksling via skolen din

Med utveksling via skolen meiner vi elevar som:

  • deltek i godkjente samarbeidsprogram mellom norske vidaregåande skolar og utanlandske skolar,
  • eller elevar som er i yrkesfagleg studieretning som tar eit godkjent utanlandsopphald.
I søknaden vel du først den norske skolen du går på og etter det, kryssar du av for at du skal på utveksling.

Utveksling via andre organisasjoner

Med utveksling via andre organisasjonar meiner vi elevar som:

  • tar utvekslingsprogram som varer i eitt år, i regi av ein godkjent utvekslingsorganisasjon.
  • tar studieopphald på minst tre månader gjennom Erasmus+ eller andre nasjonale avtalar. Er opphaldet kortare enn tre månader, kan du behalde støtta du får til vidaregåande opplæring i Noreg. Du treng ikkje søke spesielt om det.

For å søke om støtte til utveksling via ein utvekslingsorganisasjon må du legge ved søknaden, eller sende inn følgjande dokumentasjon seinare:

  • dokumentasjon som viser kva godkjent utvekslingsorganisasjon som organiserer opplegget ditt, og kva land du skal ta utveksling i.
  • stadfesting frå skolen din i Noreg som viser at skoleåret i utlandet vil kunne erstatte Vg2 i Noreg.
  • stadfesting frå den utanlandske skolen på skolepengar og fylle ut P-skjema, men berre dersom du skal betale skolepengar.

Godkjente utvekslingsorganisasjonar og samarbeidsprogram

Det er Diku (Direktoratet for internasjonalisering ov kvalitetsutvikling i høyere utdanning), som har ansvaret for godkjente samarbeidsprogram mellom norske vidaregåande skoler og utenlandske skoler.

Diku har også ansvar for godkjenning av utvekslingsorganisasjonar.

Forskrifta for godkjenning av utvekslingsorganisasjonar og samarbeidsprogram for støtte gjennom Lånekassen, finn du på Lovdata.

Unnatak for støtte

Det blir vanlegvis berre gitt støtte til utveksling på Vg2. Men dersom utvekslingsopphaldet skal vere i eit land der skuleåret følger kalenderåret (som på den sørlige halvkule), kan det gjerast unnatak.

Elevar som tar utveksling i slike land, startar ofte opp i vårsemesteret etter å ha tatt første semester av Vg1 i Noreg i først. Når eleven kjem tilbake til Noreg, kan ho enten ta andre semester av Vg1 eller andre semester av Vg2, før ho fortset med Vg3. Det blir gitt støtte til utveksling i slike tilfelle. 

Så mykje kan du få

Utanfor Norden kan du få

  • grunnstipend på inntil 3 282 kroner per månad
  • lån for elevar over 18 år på inntil 3 261 kroner per månad
  • bustipend på 4 517 kroner per månad. Du kan ikkje få bustipend dersom du bur saman med foreldra/forsørgjarane dine der du går på skole
  • utstyrsstipend etter satsen for det utdanningsprogrammet du følgjer i Noreg
  • Reisestøtte

Reisestøtte

Tek du vidaregåande opplæring i land utanfor Norden, kan du ha rett til reisestøtte. Du treng ikkje søkje spesielt om reisestøtte, vi gir deg det du har rett til. Du får støtte til to tur-returreiser i året, dersom du får støtte til utlandsopphald heile undervisningsåret.

Søkjarar som bur saman med ein eller begge foreldra i utlandet, får ikkje reisetilskott.

Tilskott til reiser utanfor Norden

Beløpa gjeld to tur-returreiser i året.

Region

Stipend (35 %) 

Lån (65 %)

Totalt reisetilskott

Europa

1 755,60

3 260,40

5 016

Nord- og Mellom-Amerika

6 546,40

12 157,60

18 704

Oseania

9 550,80

17 737,20

27 288

Sør-Amerika

8 381,80

15 566,20

23 948

Asia

6 024,20

11 187,80

17 212

Afrika

7 211,40

13 392,60

20 604

I tillegg kan du få tilskott til to reiser tur-retur i året i Noreg. Tillegg blir gitte som 100 prosent stipend i Noreg. Det blir trekt frå ein eigendel på 790 kroner per skoleår.

Tilskott til reiser mellom Noreg og den regionen du skal til blir gitt med 35 prosent som stipend og 65 prosent som lån.

Skal du betale skolepengar?

Skal du betale skolepengar når du skal på utveksling, kan du få stipend til delvis dekning av desse når skolepengane ikkje er dekte av andre, og du tar vanleg vidaregåande opplæring. Stipendet kan bli gitt med inntil 85 prosent av skolepengane, men maksimalt 94 817 kroner for skoleåret 2019-2020.

Det blir berre gitt stipend til skolepengar du faktisk betaler, det vil seie studieavgift og andre obligatoriske avgifter som har samanheng med undervisninga. Andre utgifter, som til dømes programavgifta til ein utvekslingsorganisasjon, blir ikkje rekna som skolepengar.

For å søke om dette stipendet, må du fylle ut og sende inn P-skjemaet. Du må også leggje ved ei stadfesting frå skolen i utlandet, som viser kor mykje du må betale. Fristen for å sende inn P-skjema er innan skoleåret er avslutta.

Søker du om lån i tillegg til stipend, kan du også få lån til dekning av skolepengar. Maksimalt lån til skolepengar er 27 276 kroner for heile undervisningsåret. Du kan ikkje få meir i stipend og lån til skolepengar enn det du faktisk skal betale.

Du må søke og legge ved dokumentasjon

For å søke om støtte til utveksling via ein utvekslingsorganisasjon (ikkje eit samarbeid mellom skolen din og skolen i utlandet) må du:

  1. Sende ein søknad om stipend/lån.
  2. Legge ved dokumentasjon som viser kva godkjent utvekslingsorganisasjon som organiserer opplegget ditt, og kva land du skal ta utveksling i.
  3. Legge ved stadfesting frå skolen din i Noreg som viser at skoleåret i utlandet vil kunne erstatte Vg2 i Noreg.
  4. Legge ved stadfesting frå den utanlandske skolen på skolepengar, dersom du må betale det. I tillegg må du legge ved eit utfylt P-skjema.