Vidaregåande opplæring i Norden

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Vi kan gi støtte til vidaregåande opplæring som er offentleg godkjent i studielandet, og som er godkjent av "Lånekassen" i landet.

Dei fleste offentlege vidaregåande skolar i Norden vil vere godkjende. For å få støtte må opplæringa vere på fulltid.

Så mykje kan du få

Støtta til vidaregåande opplæring i Norden er den same som for elevar i Noreg. Du kan få 

Merk at du ikkje kan få bortebuarstipend dersom du bur saman med foreldra/forsørgarane dine der du går på skole.

Skal du betale skolepengar?

Skal du betale skolepengar til den utanlandske skolen, kan du få stipend til delvis dekning av desse når skolepengane ikkje er dekte av andre og du tek vanleg vidaregåande opplæring. Søker du om lån i tillegg til stipend, kan du også få lån til dekning av skolepengar. maksimalt lån til skolepengar er 27 794 kroner for heile undervisningsåret.

For å søke om dette stipendet, må du fylle ut og sende inn et P-skjema. Du må også legge ved ei stadfesting frå skolen i utlandet, som viser kor mykje du må betale. Fristen for å sende inn P-skjema er innen undervisningsåret 2020-2021 er avslutta.

Du må søke og legge ved dokumentasjon

For å søke om støtte til vidaregåande opplæring i eit nordisk land, må du:

  1. sende ein søknad om stipend/lån
  2. opplyse om kva du har tatt av vidaregåande opplæring frå før, og kva opplæring du planlegg å ta i utlandet
  3. legge ved stadfesting frå den utanlandske skolen på at du er tatt opp til fulltidsutdanning
  4. legge ved stadfesting frå den utanlandske skolen på skolepengar, dersom du skal betale det. Legg også ved eit utfylt P-skjema.