Godkjenning av utdanning i utlandet

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Her kan du lese om godkjenning for lån og stipend til utdanning i utlandet.

Støtte til utdanning i land utanfor Norden

Lånekassen kan gi støtte til høgare utdanning i land utanfor Norden dersom utdanninga kan danne grunnlag for generell godkjenning av NOKUT, Norsk organ for kvalitet i utdanninga, som likestilt med norsk høgare utdanning. Det er Lånekassen som sjekkar med NOKUT om utdanninga du har valt er godkjend. Du treng derfor ikkje å kontakte NOKUT.

Vi gir også unntaksvis støtte til vidaregåande opplæring. Utdanninga må vere på fulltid, og du må opphalde deg på lærestaden og følge undervisninga.

Vi gir ikkje støtte til samlingsbasert utdanning, eller nettstudium utanfor EØS.

Støtte til utdanning i Norden

Lånekassen kan gi støtte til både vidaregåande opplæring og høgare utdanning i Norden. Utdanninga må vere på fulltid, vere offentleg godkjent i studielandet og gi rett til utdanningsstøtte i den eigne "lånekassen" til landet. Du må også opphalde deg på lærestaden og følge undervisninga.

Tar du nettstudium i eit anna nordisk land, kan du berre få skolepengelån og ikkje anna støtte.

Database over utanlandske lærestader og utdanningar

I oversikta over utanlandske lærestader og utdanningar finn du lærestader Lånekassen har gitt stipend og lån til dei siste åra. Oversikta er ikkje fullstendig og dersom du ikkje finn utdanninga di, kan du be oss om ei førehandsvurdering av utdanningar i utlandet.

Helsefagleg utdanning

Du kan få stipend og lån til helsefagleg utdanning i utlandet som er innanfor eit fagområde som krev autorisasjon i Noreg, jf. lov om helsepersonell mv. § 48. Sjå her for meir informasjon om helsefag og autorisasjon.