Førehandsvurdering av utdanning i utlandet

Sist oppdatert: 03.04.2019
Lurer du på om ein lærestad er godkjend for støtte? Då kan du be oss om ei førehandsvurdering.

Nokre av lærestadene du kan få støtte til, finnar du i oversikta vår over lærestader og utdanningar. Finn du lærestaden i oversikta, vil ofte alle utdanningane som fører fram til ein bachelor-, master- eller doktorgrad (PHD), gi rett til stipend og lån.

I nokre land, som Frankrike og Spania, må kvart enkelt utdanningsprogram ha spesiell godkjenning av styresmaktene for å vere godkjent. Derfor kan ein lærestad ha utdanningar som gir rett til stipend og lån, og utdanningar som ikkje gjer det. Det finst også avgrensingar for helsefaglege utdanningar. Les meir om godkjenning av utdanning i utlandet.

Finn du ikkje utdanninga di?

Finn du ikkje utdanninga i oversikta, kan du be oss om ei førehandsvurdering. For å få ei slik vurdering må du sende inn følgande opplysningar, enten på e-post eller i brev 

  • namnet til lærestaden
  • nettadressa til lærestaden
  • kva grad utdanninga leier fram til
  • nivå, lengd og nøyaktig namn på utdanninga

Ei slik vurderinga vil berre gjelde sjølve utdanninga. For at du skal få lån og stipend, må du i tillegg oppfylle alle dei vanlege krava for å få støtte frå Lånekassen.Vi kan ikkje gi garantiar for at du vil få støtte på førehand.

Godkjenning og autorisasjon

Ei førehandsvurdering er ikkje ein garanti for at den aktuelle utdanninga gir generell eller fagleg godkjenning i Noreg. Dersom du treng godkjenning for å utøve yrket i Noreg, må du sjølv undersøke kriteria for dette.

Sjå nettstadene til NOKUT og helsedirektoratet for meir informasjon om godkjenning av utanlandsk utdanning og autorisasjon av helsepersonell i Noreg.