Nettstudier i andre EØS-land

Sist oppdatert: 03.04.2019
Skal du ta nettstudium i eit anna EØS-land, kan du få lån til å betale skolepengar.

Du kan få støtte til å betale skolepengar til utdanning som er tilrettelagde som reine nettstudium ved ein lærestad i eit anna EØS-land. Utdanninga må tilsvare utdanning på minimum bachelornivå i Noreg. 

Kor mykje kan du få?

Til reine nettstudium i andre EØS-land enn Noreg, får du berre lån til skolepengar. Du kan få inntil 65 362 kroner per undervisningsår i skolepengelån. Studerer du på deltid får du 50, 67 eller 75 prosent av det du ville fått til eit fulltidsstudium. Du får berre det beløpet du faktisk betalar i skolepengar. Du kan ikkje få lån til skolepengar dersom desse er dekte av andre.

Du får ikkje støtte til bu- og leveutgifter eller reisestøtte.

Krav til utdanninga

  • Utdanninga må gi generell godkjenning av NOKUT som likestilt med utdanning på bachelor-, master eller Ph.D-nivå i Noreg
  • Utdanninga må ha eit omfang på minimum tilsvarande 15 ECTS/studiepoeng per semester
  • Utdanninga må være lagt opp som reine nettstudium. Samlingsbaserte studier gir ikkje rett til støtte frå Lånekassen

Krav til deg

Krav til dokumentasjon

  • Vitnemål frå vidaregåande skole eller anna stadfesting som viser at du har oppnådd generell studiekompetanse i Noreg
  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden. Brevet må vise kva utdanning du skal ta, og omfanget av utdanninga (kor mange ECTS/studiepoeng du skal ta per semester)
  • Stadfesting som viser kor mykje du skal betale i skolepengar