Nettstudier i Norden

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Skal du ta nettstudier i eit nordisk land, kan du få lån til å betale skolepengar.

Du kan få lån til å betale skolepengar til utdanning som berre går føre seg på nett ved ein lærestad i eit anna nordisk land. Utdanninga må tilsvare utdanning på minimum bachelornivå i Noreg.

Kor mykje kan du få?

Du kan få inntil 66 604 kroner per undervisningsår i skolepengelån. Du får berre det beløpet du faktisk betalar i skolepengar. Du får ikkje lån til skolepengar dersom skolepengar blir dekte av andre.

Du kan ikkje få støtte til bu- og leveutgifter, eller reisestøtte.

Krav til utdanninga

  • Utdanninga må gi generell godkjenning av NOKUT som likestilt med utdanning på bachelor-, master- eller Ph.D-nivå i Noreg. 

Krav til deg

  • Du må som hovudregel vere norsk statsborgar
  • Du må oppfylle vilkåret om tilknyting til Noreg

Krav til dokumentasjon

  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden. Brevet må vise kva utdanning du skal ta, og omfanget av utdanninga (kor mange ECTS/studiepoeng du skal ta per semester)
  • Stadfesting som viser kor mykje du skal betale i skolepengar