Støtte til enkeltemne (uspesifiserte studiepoeng)

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Når du ikkje har opptak i ei gradsutdanning, eller skal ta delstudiar i utlandet frå ein norsk lærestad, kan du få støtte til å ta enkeltemne.

For å motta støtte til enkeltemne i utlandet må du ta fag som tilsvarer minst 30 studiepoeng per semester.

Krav til utdanninga

  • Omfanget må tilsvare minst 30 studiepoeng i Noreg per semester.
  • Alle faga må vere henta frå fagplanen til ein godkjent grad som blir tilbydd ved same lærestad.
  • Alle faga må minimum vere på nivå med utdanning på bachelornivå i Noreg.

Støtte til enkeltemne i USA og ikkje-vestlege land

Vi gir ikkje støtte til enkeltemne som ligg på eit nivå som ikkje tilsvarer utdanning på bachelornivå i Noreg. Første året av ein bachelor-utdanning i USA og ikkje-vestlege land tilsvarer ikkje bachelornivå i Noreg. Søker du om støtte til enkeltemne i desse landa må du derfor dokumentere at du skal ta fag på nivå med minimum andre året av ein bachelorgrad.

Krav til dokumentasjon

Saman med søknaden om støtte til enkeltemne, må du legge ved eit endeleg opptaksbrev frå lærestaden som viser kva fag du skal ta. Antall credits/ECTS per fag og kva nivå faga er på, må komme fram av opptaksbrevet. I land der kvart enkelt studieprogram må godkjennast (for eksempel Frankrike og Spania), må det også framkomme kva gradsutdanning faga du skal ta er henta frå. Du må også sende inn dokumentasjon på kor mykje du skal betale i skolepengar, og at du har oppnådd generell studiekompetanse i Noreg.

Omgjering frå lån til stipend

Når du tar enkeltemne (uspesifiserte studiepoeng), tar du ikkje ein grad og kan ikkje få omgjort gradsomgjeringslån til stipend sjølv om du består faga du har fått støtte til. Du kan likevel få omgjort vanleg omgjeringslån til stipend for beståtte studiepoeng. Dette utgjer 25 prosent av basisstøtta.

Gradsomgjeringslånet kan imidlartid bli gjort om til stipend viss du tar ein grad seinare. Du kan likevel berre få omgjort gradsomgjeringslån til stipend for det som er normert tid for graden du oppnår. Består du for eksempel to semestre med enkeltfag som du får godskrive inn i ein treårig bachelorgrad, og deretter består dei restarande fire semestra, kan du få omgjering for seks semestre når du oppnår bachelorgraden.

Søker du om gradsomgjeringslån og ikkje tar ein grad, forblir gradsomgjeringslånet eit lån som du må betale tilbake. Søker du ikkje om gradsomgjeringslån, men seinare består ein grad, kan du gå glipp av stipend tilsvarande dei 15 prosentane av basisstøtta som gradsomgjeringslånet utgjer. Du må i tillegg oppfylle vanlege vilkår for omgjering.

Les meir om omgjering her.