Autorisasjon og helsefag

At du får lån og stipend frå Lånekassen, betyr ikkje at du nødvendigvis får autorisasjon til å jobbe som helsepersonell i Noreg når du er ferdig med utdanninga.

Autorisasjon av helsefaglege utdanningar i EØS

Innanfor EU/EØS har medlemslanda blitt einige om å harmonisere fem helsefaglege utdanningar. Det betyr at landa er einige om minstekrav til lengda og innhaldet i utdanningane. Dette skal gjere det enklare å få autorisasjon i andre EU/EØS-land.

Dei harmoniserte helseutdanningane er:

  • lege
  • tannlege
  • sjukepleiar
  • jordmor
  • provisorfarmasøyt (master i farmasi)

Dersom du skal studere ein av desse utdanningane i utlandet med støtte frå Lånekassen, må utdanninga vere i eit EU/EØS-land, Sveits, Canada, USA, Storbritannia, New Zealand eler Australia.

Dersom du gjennomfører ein av desse utdanningane, og utdanninga gir rett til yrkesgodkjenning i studielandet, kan du vere rimeleg sikker på at du vil få autorisasjon i Noreg. Tar du ei anna utdanning enn dei fem harmoniserte, vurderer Helsedirektoratet utdanninga di opp mot ein tilsvarande utdanning i Noreg. Helsedirektoratet ser då om nivå, innhald, omfang og eventuelt mengda av integrert praksis. Dersom utdanninga di er vesentleg annleis frå den norske utdanninga, kan du måtte gå gjennom ein prøveperiode.

Helsedirektoratet har laga ein kort informasjonsfilm som forklarer desse reglene på under tre minuttar. Klikk her for å sjå den på YouTube.

Autorisasjon av helsefaglege utdanningar utanfor EØS

Det er vanskelegare å få autorisasjon om du tar ei utdanning utanfor EU/EØS. Helsedirektoratet samanliknar då den utanlandske utdanninga opp mot tilsvarande utdanning i Noreg for å sjå om den er jamgod med omsyn til nivå, innhald og omfang. Dette blir brukt i vurderinga:

  • detaljerte fagplanar
  • læringsmål
  • ECTS/Credits eller tal timar for kvart fag
  • opplysningar om klinisk praksis og ei rekke andre opplysningar

I tillegg må du ta kurs i korleis det norske helsesystemet fungerer. Nokre yrker krev også ein praktisk fagprøve og kurs i handtering av medisinar for at du skal få autorisasjon. Dette kan du lese meir om på nettsidene til Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet treng detaljert dokumentasjon om utdanninga di for å kunne vurdere om du får autorisasjon. Derfor er det viktig at du sørger for å ta vare på dokumentasjon undervegs i utdanninga.

Du finn meir informasjon om dette på Helsedirektoratet sine nettsider