Dokumentasjon ved studier i utlandet

Her finn du informasjon om kva slags dokumentasjon vi ber om før, under og etter studia dine i utlandet.

Krav til dokumentasjon

Kva slags dokumentasjon du må sende inn avheng av situasjonen din.

Alle som søker om stipend og lån til ei ny utdanning i utlandet, må sende dokumentasjon på endeleg opptak og kva du eventuelt betalar i skolepengar.

Du må oppfylle kravet til tilknytning til Noreg når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet. Dette er relevant for deg som enten er norsk statsborgar og har vore busett i utlandet i lengre tid, eller for deg som er utanlandsk statsborgar.

Det er krav til dokumentasjon både når du søker om stipend og lån for første gang til ei utdanning, undervegs i gradsutdanninga di og etter du er ferdig.

Før du søker første gang

Når du søker om lån og stipend til ei ny utdanning i utlandet, altså den første gongen du søker om støtte til den aktuelle utdanninga, må du sende inn dokumentasjon på studiekompetanse, opptak og skolepengar.

Du må sende inn vitnemål frå vidaregåande skole som viser at du har generell studiekompetanse i Noreg. Det er fleire vegar til generell studiekompetanse. Dersom du er usikker på om du har studiekompetanse i Noreg kan du sjå på nettsidene til Samordna opptak. Der finn du også informasjon om generell studiekompetanse med utdanning frå utlandet. 

Du må sende inn endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden (unconditional offer). Har du fått eit opptaksbrev med faglege vilkår, må du vente med å søke til du har fått tilsendt eit nytt og endeleg opptaksbrev frå lærestaden.

Opptaksbrevet må vise namnet ditt, kva grad du skal ta, for eksempel bachelorgrad, at du studerer på fulltid, fagretning og lengd på graden med forventa avslutning

Skal du betale skolepengar (tuition fee), må du sende inn stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du skal betale. Lån og stipend til skolepengar frå Lånekassen skal berre dekke faktiske skolepengar. Det vil seie avgifter som er direkte knytt til undervisninga.

Det er derfor viktig at stadfestinga du sender ikkje inneheld andre avgifter. Eksempel på slike avgifter kan vere kost og losji.

Dersom du får stipend frå lærestaden eller andre aktørar, som skal gå til å dekke skolepengar, må du også dokumentere det. Lånekassen dekker berre det beløpet du sjølv betaler. Vi godtar ikkje utskrift frå nettsider eller e-post.

Som hovudregel må du vere norsk statsborgar for å ha rett til lån og stipend til utdanning i utlandet. Er du norsk statsborgar treng du ikkje sende inn dokumentasjon.

Er du utanlandsk statsborgar må du dokumentere korleis du oppfyller vilkåra som gir rett til stipend og lån.

Er du borgar frå eit EØS- eller EFTA-land, eller familiemedlem til ein borgar frå eit EØS- eller EFTA-land, kan du ha rett til lån og stipend på visse vilkår, for eksempel dersom du eller familiemedlemmet er arbeidstakar i Noreg eller har varig opphald i Noreg.  Klikk her for å lese meir om dokumentasjon for borgarar frå EØS- og EFTA-land.

Er du ikkje EØS- eller EFTA-borgar, eller i familie med ein EØS- eller EFTA-borgar har du ikkje rett til lån og stipend til utdanning i utlandet. Du kan likevel ha rett til støtte til utdanning i Noreg.

Du må oppfylle kravet om tilknytning til Noreg når du søker om stipend og lån til utdanning i utlandet. Dette er relevant for deg som har budd i utlandet i lengre tid, uavhengig av om du er norsk eller utenlandsk statsborger. 

Undervegs i utdanninga

Får du lån og stipend til utdanning i utlandet, må du kvart år dokumentere faglig progresjon og eventuelt betalte skolepengar. Du får tilsendt eit skjema frå oss kvart år som heter Documentation of academic progress. Dette er det lærestaden din som skal fylle det ut.

Lærestaden skal stadfeste fagleg progresjon for det aktuelle kalenderåret. Har du stroke på eksamen, skal lærestaden opplyse om det i skjemaet. Dersom du ikkje har avlagt eksamenar ennå, skal lærestaden din oppgi om du er fagleg i rute.

Begynte du utdanninga di den same våren som du fekk skjemaet, skal du også sende det inn. Lærestaden må bekrefte at du er oppmeld til fulltidsutdanning og eventuelt kor mykje du har betalt i skolepengar.

Stadfesting på at du har vore fulltidsstudent i perioden vi spør om. og fram til datoen skjemaet blir utfylt.

Har du betalt skolepengar, må skjemaet vise kor mykje du har betalt for både hausten og våren.

Betaler du i avdrag til lærestaden, må du vente med å sende inn skjemaet til heile skolepengebeløpet er betalt. Lærestaden skal berre føre opp reine skolepengar/tuition fee, og ikkje inkludere bu- og levekostnader, eller eventuelle stipend du får frå andre.

Gir lærestaden ditt deg for eksempel eit brev i staden for skjemaet du får av oss, kan vi godta det. Brevet må innehalde dei same opplysningane som skjemaet og vere retta til deg personleg.

Når du er ferdig med graden din

Når du er ferdig med utdanninga må du sende oss dokumentasjon for å få omgjering av lån til stipend.

Du må sende inn offisiell eksamensutskrift på kva fag du har bestått, og kor mange ECTS, credits eller studiepoeng du har bestått. Du må også sende inn vitnemål/diplom som viser at graden din er fullført.

Du må sende inn dokumentasjon frå lærestaden som viser kor mykje du har betalt i skolepengar det siste året.

Førebels erklæring om rett til lån og stipend

Nokre utanlandske universitet krev stadfesting på at du kan få lån og stipend frå Lånekassen til å finansiere utdanninga di. Her kan du laste ned eit standardbrev.

Ei førebels erklæring om retten til støtte kan fungere som midlertidig dokumentasjon på at du kan få støtte frå Lånekassen når du søker opptak til utdanning i utlandet.

Erklæringa er gyldig i heile verda, men det er spesielt studentar i USA og Canada som treng ei slik erklæring.

Last ned ei foreløpig erklæring