Godkjente utdanningar

Veileder LUT

Kva utdanningar i utlandet kan eg få støtte til?

Generelle krav for støtte til utdanningar i utlandet

Utdanningane må vere på fulltid og det skal vere stadbaserte utdanningar. Det vil seie at du må følge regelmessig undervisning/rettleiing på lærestaden. Vi gir ikkje støtte til fjernundervisning/nettstudium/samlingsbaserte utdanningar i utlandet.

Du kan likevel få eit avgrensa lån til dekning av skolepengar til nettstudium i andre EØS-land enn Noreg. Her er det ikkje krav til fulltidsutdanning. Utdanninga må likevel fylle dei ordinære vilkåra om at den skal vere likestilt norsk høgare utdanning.

Land utanfor Norden

Lånekassen gir støtte til utdanningar i land utanfor Norden som kan gi grunnlag for generell godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som er likestilt med norske bachelor-, master og Ph.d.-utdanningar.

Vi gir også i nokre tilfelle støtte til utdanning som er tilsvarande vidaregåande opplæring i Noreg og til yrkesfaglege utdanningar.

Lånekassen kan gi støtte til språkkurs i andre språk enn engelsk som blir tilbydt ved eit universitet eller ved ein språkskole med offentleg akkreditering.

Utdanningar vi ikkje støtter

Vi gir ikkje støtte til flygarutdanningar eller helsefagleg utdanning i fagområde som ikkje er eit lovregulert helsefagleg yrke i Noreg.

Vi gir heller ikkje støtte til utdanningane medisin, tannlege, sjukepleie, jordmor, provisorfarmasøyt og veterinærmedisin utanfor EØS-land, Storbritannia, Sveits, USA, Canada, New Zealand og Australia.

Norden

Utdanninga må vere godkjent i landet du skal til.

Vi kan gi lån og stipend til universitet, høgskolar, vidaregåande skolar, yrkesutdanning og folkehøgskolar i alle dei nordiske landa.

Vilkåret er at utdanninga er offentleg godkjent i studielandet og godkjent for lån og stipend frå «Lånekassen» i det aktuelle landet. Du kan lese meir om spesielle krav og vilkår inne på sidene for utdanning i Norden.

Skal du studere helsefag?
Set deg inn i reglene for autorisasjon
Utvida stipend til skolepengar
Nokre lærestader i utlandet gir rett til ekstra stipend til skolepengar

Aktuelt regelverk