Dokumentasjon ved språkkurs
Krav til dokumentasjon når du søker
Når du har søkt om stipend eller lån til språkkurs må du sende dokumentasjon til oss.
Stadfesting på opptak
Stadfestinga skal vere frå skolen der du skal ta språkkurset. Stadfestinga må vise start- og sluttdato for kurset og talet på timar med undervisning per uke.
Skolepengar
Skal du ta eit langt språkkurs der du skal betale skolepengar, må du sende stadfesting frå skolen som viser kor mykje du skal betale.
Dersom du får støtte frå andre for å dekke skolepengar, må du gi oss beskjed om det.
Generell studiekompetanse
Du må dokumentere at du har generell studiekompetanse i Noreg. Det kan for eksempel vere vitnemål frå vidaregåande skole.
Kva for eksamen
Dersom du skal ta eit lengre språkkurs ved ein språkskole, må du sende inn dokumentasjon som viser kva for eksamen du skal ta når kurset er avslutta. Skal du ta eit kort språkkurs eller eit lengre språkkurs ved eit universitet, treng du ikkje dokumentere kva for eksamen eller avsluttande prøve du skal ta.
Undervisningspråk
Du må legge ved ei stadfesting som viser at undervisningsspråket på studiet du skal ta seinare er på anna enn engelsk, dansk eller svensk. Dette gjeld berre om du skal ta kort språkkurs. Ved lengre språkkurs treng du ikkje stadfeste undervisningsspråket i seinare studie.
Krav til dokumentasjon etter at kurset er ferdig
Dersom du har fått lån og stipend til lengre språkkurs må du sende inn dokumentasjon i etterkant for å få lån omgjort til stipend.
Har du tatt kort språkkurs treng du ikkje sende inn dokumentasjon når kurset er ferdig.
Kopi av kursbevis eller bestått eksamen
Kursbeviset må vise at du har fullført kurset. Dersom du har tatt kurset ved ein språkskole, må du sende inn dokumentasjon som viser at du har bestått ein offisiell språkeksamen. Denne språkeksamenen må gi grunnlag for opptak til høgare utdanning i det aktuelle landet.
Dette er ikkje nødvendig når du har tatt språkkurs ved eit universitet.
Skolepengar
Dersom du har fått lån og stipend til skolepengar må du sende stadfesting frå skolen som viser kva du har betalt i skolepengar eller kursavgift.