Må ikkje vere fysisk på lærestaden
Dei to unntaksreglane som gjaldt for elevar og studentar i utlandet i studieåret 2020–2021 er vidareførte for hausten 2021 og våren 2022.
Må ikkje vere på lærestaden for å få lån og stipend
Den første unntaksregelen gjeld kravet om å vere på lærestaden i utlandet. Dette kravet gjeld ikkje dersom utdanninga di normalt er stadbasert, men no blir tilbydd nettbasert eller samlingsbasert på grunn av koronapandemien.
Unntaket frå kravet om å vere på studiestaden gjeld berre dersom utdanninga du er i gong med i utgangspunktet er stadbasert, men at det mellombels blir tilbydd alternative undervisningsformar på grunn av koronapandemien. Det vil seie at studentar som er tatt i opp ei utdanning som normalt er online eller samlingsbasert, framleis ikkje har rett til lån eller stipend.
Du kan bli bedd om å dokumentere at du ikkje kunne reise til studiestaden vårsemesteret 2022.